Det er spesielt Arbeidarparti-politikarane, representert ved Svein Gjelseth og Per Kristian Furø, som har pressa på for at Herøy kommune skal gå imot felleskontrakten som Ålesund kommune har forhandla fram for dei 36 andre kommunane i fylket. Dei har kjempa for at Vestvang bokhandel i Fosnavåg skal få behalde kontrakten på leveranse av skulebøker til skulane i Herøy. Politisk har det heile tida vore støtte for det kravet, men mykje har tyda på at slike lokale innkjøp vil vere ulovleg.

I tysdagens formannskapsmøte retta Gjelseth kritikk mot administrasjonen, då han føler at dei har hatt feil fokus i denne prosessen.

– Eg vert forundra. Eit samla formannskap vil ha lokale innkjøp. Men eg blir då forundra over korleis administrasjonen står fram. I staden for å støtte oss politikarane og hjelpe oss, kjem dei med masse motargument. Og rådmannen trekk fram budsjettet. Det bør vere i alle si interesse å hegne om dei som driv lokalt næringsliv i kommunen, sa Gjelseth.

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad var ikkje einig i kritikken.

– Vi har informert om kva handlingsrom vi har. Og då har vi peika på to alternativ, meir enn det kan vi ikkje gjere. Eg forstår ikkje kritikken, svara Kopperstad.

– Ikkje lov med berre ein kandidat i ein konkurranse

Innkjøpskonsulent Margrethe Stølan Steinsvik orienterte nærare om saka.

– Det er opna opp for å legge til rette for at mindre aktørar kan levere til det offentlege. Men det er ei sterk oppfordring om å dele opp anskaffinga geografisk. Vi er tenkt å vere ein del av Søre Sunnmøre. Skal vi ha eigen konkurranse kvart år vil det vere arbeidskrevjande. Og vi har heller ikkje lov å ha konkurranse med berre ein aktør. Det skal vere tre med i ein konkurranse, so sant det finst tre interesserte. Og då dette er ein repeterande kontrakt risikerer vi å bli klaga inn til klagenemnda i KOFA, sa Stølan Steinsvik.

Ordførar Arnulf Goksøyr (Høgre) likte ikkje heilt det han høyrde, og ville vite meir om dei eventuelle klagene, og kva konsekvensar ein risikerer.

– Vi kan bli pålagt eit gebyr. Storleiken på gebyret blir fastsett utifrå brotets størrelse, og om det er gjentakande, svara Stølan Steinsvik.

– Vil bli mykje meirarbeid

Kjell Runde (Folkelista/Sp) vil gi einingane innkjøpsansvaret.

– Vi må handle lokalt, og einingane må gjere det sjølv. Slik er det, og det vil bety at dei må gjennomføre konkurransar kvart år, sa Runde.

Kommunalsjef oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, åtvara om konsekvensane.

– Skal det ut på konkurranse vil det bli veldig mykje meirarbeid. Ei 50 % innkjøpsstilling vil vere for lita. Skal vi gjere det må vi ha nok innkjøpskompetanse i kommunen. Men skal det berre vere på læremateriell vi har ei slik avtale? Det er andre ting vi brukar meir av, som har større verdiar, sa ho.

– Verdt forsøket

Etter ein lang diskusjon om konsekvensar for både kommune og lokalt næringsliv la Svein Gjelseth fram ei tilråding, som blei samrøystes vedteke. I den heiter det:

1. Herøy kommune skal gjennomføre innkjøp som legg til rette for deltaking frå lokalt næringsliv i samsvar med nytt anskaffelsesregelverk/nye mogelegheiter.

2. Herøy kommune inviterer lokalt næringsliv til dialogmøte med dette som tema.

3. Ordninga varer førebels i eit år fram til mars 2020.

– Eg synast det er verdt forsøket. Men vi må passe oss litt. Vi må også signalisere at lokalt næringsliv leverer tilbod som er konkurransedyktige. Vi ber om ei utsetting på å bli med på ei innkjøpssamarbeidsavtale med eit nytt år, sa ordføraren avslutningsvis.