Herøy kommune har hatt kommunepsykolog sidan 2007. På sine heimesider opplyser kommunen at dei no opprettar ei ny 100 % stilling for psykolog med målgruppe 0–23 år, i tillegg til den som allereie er der. Den nye stillinga skal vere i nært samarbeid med eksisterande kommunepsykolog som er knytt til Barn, familie og helseavdelinga; seksjon for Psykisk Helse og Rus.

– Det vil også vere eit nært samarbeid med fastlegane, teneste for psykisk helse og rus, helsestasjon, barnevern og andre samarbeidspartnarar i kommunen, skriv kommunen.