– De som sit her har alle fått eit brev om at de får midlar frå banken i år, seier regionbanksjef Lillian Kleven Breivik, og let blikket fare over forsamlinga framfor seg. Dei er blitt spesielt inviterte til Thon Hotel Fosnavåg for å ta imot fem store sjekkar denne onsdagskvelden.

– Visjonen vår – samfunnsansvaret – er å gi av overskotet vårt tilbake til lokalsamfunnet, seier Breivik.

Difor kan lag og foreiningar søkje støtte til ulike aktivitetar og prosjekt. Kvart år gir den lokale banken om lag tre millionar kroner i sponsormidlar, i tillegg til rundt fire millionar kroner i gåve- og prosjektmidlar.

To av krava for å få prosjektmidlar frå banken er at prosjektet skal ha brei nytteeffekt i lokalsamfunnet og ha varig verdi.

Desse får prosjektmidlar i år

• Herøy biljardklubb får 70.000 kroner til innkjøp av eit nytt biljardbord.

• Moltustrandingen får 50.000 kroner til hylleinnreiing og inventar til Litteraturstova/varmestova ved inngangen til Moltufjella.

• Dragsund grendalag får 40.000 kroner til opparbeiding og utbygging av leikeplass/samlingsplass i eit bustadfelt fullt av nyetablerte småbarnsfamiliar i Dragsund.

• Kjeldsundfamilien får 30.000 kroner til straum til gapahuken (dvs. at dei får lys og vaffeljarn).

• Herøy Janitsjar får 20.000 kroner til ein ny barytonsaksofon (kostar 60.000 kroner).

Han er allereie teken i bruk av saksofonist Andreas Kvalsund.

• Gjerdsvika IL får 20.000 kroner til bru over myrområde.

I tillegg vert det delt ut midlar til prosjekt i Ulstein, Ørsta og Volda.

Gåvemidlar

Der er også ei rekkje lokale lag og organisasjonar som får mindre gåvebeløp.

• Bergsøy IL: 5000

• Brandal velforeining: 3000

• Foreldregruppa til barn med funksjonshemming i Herøy: 3000

• Funksjonshemmede barns familieforening Sunnmøre: 3000

• fx Herøy: 3000

• Gjerdsvika IL: 5000

• Gursken skulekorps: 5000

• Herøy dykkerklubb: 5000

• Herøy kunstlag: 5000

• Joyful: 3000

• Kjeldsundfamilien: 3000

• Miniklubb på Nerlandsøy: 3000

• Moltustrandingen: 5000

• Myrvåg 4H: 3000

• Myrvåg musikkorps: 5000

• Myrvågtoppen grendelag: 3000

• NFS Søre Sunnmøre: 3000

• Remøy Juniorlag (ligg under Remøy Bedehus): 3000

• Remøy skulekorps: 5000

• Stoffskifteforbundet Ytre Søre Lokallag: 3000

Søndagsskulen i Herøy Frikyrkje: 3000

Tjørvåg IL: 5000

Du kan søkje til våren

Det vert mogleg å søkje på midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre til våren.