Dagens seminar startar mjukt med fin song av Marte Nerland. Ho syng låten «Hjerteslag», ei låt som ho meiner inspirerer til å sjå andre, trass i at ein sjølv kanskje har det vanskeleg. Etter applausen frå dei om lag 40 seminardeltakarane har lagt seg, er det rett på djupare vatn. Initiativtakaren på vegner av soknerådet, Rikke Kopperstad, introduserer dagens gjestar, vernepleiar Sigbjørn Vindheim og kreftsjukepleiar Siv Vindheim.

– Forme eiga hjerne

Det fem timar lange seminaret i Herøy kyrkje opnar med å sjå på menneskehjernen og mekanismane vi må vere bevisste på om ein skal «bygge opp eit godt psykisk immunforsvar», for å bruke Sigbjørn sine eigne ord.

– Vi kan forme vår eiga hjerne. Det er ikkje slik at han er automatisk sett. Hjernen fungerer som ein motor, der det er vi som tilfører drivstoffet, forklarar han.

– Ein kan faktisk ta ut det vonde og erstatte det med noko positivt. Eg seier ikkje at det er enkelt, men vi har evna til å gjere det. Her finst det eit godt ordtak, vi kan snu tragedie til triumf.

I forhold til dette nemnar han også korleis stress kan vere ein hemmande faktor for evna til å «bygge» si eiga hjerne.

Diagnosesamfunn

Vindheim konstaterer med andre ord at vi sjølv er i stand til å ta grep når det kjem til vår psykiske helse. Det er på ingen måte enkelt, men å vite at moglegheita er der, er viktig, seier han han. Dette er spesielt relevant for samfunnet vi lever i.

– Vi har dessverre blitt alt for opphengt i diagnosar. Ei slik utvikling meiner eg er negativ. For å gjere det klart, har eg sjølv vore med på å legge folk i stropper og delt ut medikament. Det må ein av og til. Men vi må ikkje ta vekk håpet ved å henge oss for mykje opp i diagnosar. Slik det er i dag, blir ei diagnose ofte synonymt med identitet. Diagnose er ikkje identitet. Ein person er ikkje ei diagnose, men har ei diagnose, utdjupar han.

Akkurat difor er det viktig at ein løftar fram personane bak diagnosen.

– Menneskeverdet ligg i grunn, og vi er alle like mykje verd. Vi trenger eit heia-samfunn der vi heiar kvarandre fram.

Like mange vegar inn som ut

Vidare utover seminaret kjem diskusjonen over på korleis ein kan forhindre og eller kome seg ut av dårleg psykisk helse. Her er det naturlegvis vanskeleg å gje allmenne råd, då …

– Der er mange vegar ein kan få dårleg psykisk helse på, og like mange måtar som ein kan få det betre på. Det kan skje rask og det kan ta tid.

Men likevel har Vindheim ei klar oppfatning av korleis ein kan ta grep på eiga hand.

– Det handlar om å finne rota til det vonde og erstatte det med gode kulturelle kjelder. Sagt med andre ord; ein må gå i seg sjølv, konfrontere problemet og erstatte det med sunnare kulturelle verdiar. Akkurat kva som er det, er opp til kvar enkelt å finne ut, forklarar han.

Nok ein gong peikar han på korleis menneskehjernen er i stad til å reinske ut det negative om ein verkeleg går inn for det.

Takkar

Rikke Kopperstad seier i eit innlegg på Herøy kyrkje si facebookside, tusen takk for at Sigbjørn og Siv ville dele av sin kunnskap.

– Gjennom personlege historier, forsking, fag og allsidig oppmuntring, fekk mange håp for eigen og andre sin del. Og det var også hensikta med seminaret, takkar ho.