I vår kom Susanne Lundeng ut med sitt tiande album, «Det va nære på», til terningkast 5 frå eit samla norsk pressekorps. Kanskje ho også vil spele noko frå albumet som heiter «Havella»?

Susanne Lundeng gjorde i 1991 sin blendande entré på den norske folkemusikkscena med albumet «Havella» – med feleslåttar frå Nord-Norge. Nyleg hausta ho dessutan ein Spellemannpris i folkemusikk for si kvadruple utgjeving av nordlandslåttar, noko som gjer Susanne til ein av Noregs mest meritterte folkemusikarar. Det er den nordnorske tradisjonsmusikken som heile vegen ligg i botnen. Samtidig har ho utvikla seg til ein dugeleg komponist, arrangør og musikalsk fritenkar.

For første gong syng ho eigne tekstar, og opnar for nok ei ny side ved sitt kunstnarskap. Musikken blir omtalt som drivande melankolsk, nedtona, sår og stormfull. Ein harmonisk villskap som, i kombinasjon med Susanne sin ekspressive og energiske sceneopptreden, får publikum til å skjerpe sansane. Med seg på vegen har Susanne musikarane Bjørn Andor Drage (tangentar), Arnfinn Bergrabb (trommer) og Aksel Bakke (lyd).