– Det er kjekt å kunne bidra til eit reinare hav.

Det seier Erik Slettebakk, som var ein av dei ti dugnadsarbeidarane på ryddeaksjonen i Fosnavåg sist laurdag.

Fem av dykkarane gjorde jobben i vatnet, medan fem – derimellom Slettebakk – stod på land og hjelpte til der.

– Vi fann mellom anna masse flasker og boksar, ein pallejekt og ei gammal handlevogn frå Meny, seier han.

Gjengen plukka også opp utstyr som syklar, sparkesyklar, og ikkje minst 30 store lastebildekk, som hadde falle ned frå kaia. Totalt plukka dykkarane opp om lag 350 kg skrot. Alt, unnateke dekka, som kommunen fjerna med kranbil, vart levert til SSR måndag.

Fekk midlar

Herøy dykkerkubb var ansvarleg for ryddeaksjonen.

– Norges dykkeforbund har inngått ein avtale med Sparebankstiftelsen DNB. Dette er eit landsdekkande prosjekt, som vi er ein del av, seier styreleiar Eyvind Leine i Herøy dykkerklubb.

Det landsomfattande prosjektet vart starta i 2015, og fekk i 2018 løyva ytterlegare ni millionar kroner til tre nye år (2018-2020). Herøy dykkerklubb vart med i år, og haustens dugnad er deira første, men slett ikkje den siste.

– Der er mykje søppel igjen ved allmenningen, så vi kjem nok til å ta ein runde til i området. Og så må vi finne ut kva for andre plassar som treng opprydding og ta dei ved ei anna anledning, seier Leine.