Det er klart etter at eit fleirtal i fylesutdanningsutvalet har sagt nei til at det vidaregåande skuletilbodet i Syvde skal leggast ned frå neste skuleår.

Utvalet lytta dermed til dei tilsette som i sin høyringsuttale har bede om at søkjartalet får avgjere om det skal opprettast klasser ved avdelinga neste skuleår.

Utfordrande

Rektor ved Herøy vidaregåande skule, Gullik Kjellstadli, har peika på nedgangen i elevtalet og skisserer ein vanskeleg personalsituasjon med så få elevar som skulen ser ut til å få framover. Ved ein situasjon der berre Vg1 kjem i gang, vil elevtalet bli enda meir utfordrande med tanke på at mange av dei tilsette berre kan få tilbod om deltidsstillingar.

Elevtalet kan auke

Utdanningsforbudet peikar derimot på at ifylgje prognosane vil ikkje elevtalet på Vg1 bli redusert i forhold til i år, men derimot gå noko opp. Dei tilsette meiner også årets tiandeklassingar i kommunen bør få mulegheit til å søkje skuleplass lokalt.

Dette er eit viktig tilbod som vi oppmodar om å behalde for ungdom sør i fylket, heiter det i uttalen frå Utdanningsforbundet ved Herøy vg. skule avdeling Vanylven.

Fleirtal

Då skulebruksplanen var oppe i går røysta eit fleirtal i Utdanningsutvalet fyrst imot eit forslag som sa at tilbodet i Syvde skal oppretthaldast skuleåret 2019-2020. Forslagsstillar Bjarne Sørfold Elde (A)  gjekk deretter ilag med Gunn Berit Gjerde (V) i eit forslag om at skuletilbodet i Vanylven skal vere søkbart neste skuleår. Dette forslaget blei vedteke mot Høgre sine tre røyster i Utdanningsutvalet.