– Ho er ein veldig flink frisør og er stolt over at ho torer å stille opp i denne kategorien. At ho var åleine i lærlingklassa for brudeoppsett, fortel at dette ikkje er den enklaste hårfrisyren å prøve seg på, seier sjefen hennar, Jannicke Vedvik til Vestlandsnytt.

20 åringen deltok i klassa «brudeoppsett» og då jo var einaste lærling som gjorde det fekk jo pokal som ros for innsatsen. Dette skjedde under Hår & velvære 2018 som var arrangert i Ålesund 26.–27. oktober. Her er det konkurransar i fleire klasser både for lærlingar og meistrar.

– Det var veldig hyggeleg å få pokal. Eg hadde trena lenge på det oppsettet og følte meg trygg på det eg gjorde, seier vinnaren.

Men ho fortel at ho gjerne skulle hatt konkurranse og oppmodar om at fleire burde konkurrere. – Det er berre moro, avsluttar Myrvåg.