Etter å ha vore stengd nokre veker på grunn av oppussing, ynskjer Gursken kyrkje og kyrkjeforeininga å invitere til ei samling igjen. Ein del renoveringsarbeid står att, men ikkje meir enn at kyrkja no kan brukast.

Først vert det halde ei kort gudsteneste med prest Sigmund Bjerkvik og organist Ines Vatne. Vyrde mannskor og Sande kantori tek del. Under gudstenesta skal også båten, som no heng i kyrkjeskipet, presenterast. Den er gitt som gåve av private i høve 100 -årsjubiléet neste år.

Ved slutten av gudstenesta skal alle ut på kyrkjebakken og vere med under vigslinga av det nye gravfeltet som ligg mot sjøen.

Etter det er det klart for kyrkjeforeininga sin årlege dugnadskonsert med lokale krefter. Desse vil ta del der: Eirin og Aron Myklebust Lødøen, Sirene, Lisa og Julie Muren Mjelva, Vyrde mannskor, Laila Fjørtoft Sandanger, Nils Johan Husøy, Kevin Søvre Myklebust, Sande Kantori og Møyfrid Tveten.

Under konserten skal også Kulturprisen for Sande 2018 bli delt ut.

Kyrkjeforeininga vil sende rundt romslege kollektskåler der inntekta går til arbeid i og utanfor kyrkja.

Og medan vi til slutt samlar oss til kyrkjekaffi, vert det høve til å sjå seg rundt på alt som er gjort av arbeid til no og kva som står for tur.

Velkomne skal alle vere.