«Gi Jernet» er namnet på innsamlingsaksjonen i regi av Himlapartner. Den skal sørge for å få på plass åtte jordskjelvsikre skular i Nepal som i 2015 blei råka av ei jordskjelv som gjorde 500.000 personar heimlause. Pengane går spesifikt til folket som tilhøyrar tamang-folket i Dhading, rett over episenteret til jordskjelvet. Her var det ingen store hjelpeorganisasjonar i sving då det skjedde.

– Vi har allereie utdanna 513 murarar. I løpet av vårt arbeid der har karavanar med berarar gått fem-dagsmarsjar med innkjøpte stålkonstruksjonar, sementsekkar og armering. Lokalbefolkninga har fått desse jobbane og seks av åtte skular er snart ferdigbygde, under rettleiing av sertifiserte murarar og våre ingeniørar, fortel Bjørn Ødegaard som sjølv ar jobba i Nepal i seks år og er ein av dei som administrerer aksjonen.

De siste to skulane byggast no til våren 2019, med til dette arbeidet manglar dei 600.000 kr. Kvar skule byggast om lag 250.000 kr.

– Dette blir billeg, og det blir det fordi vi har utdanna mange lokale handverkarar. Vi har heller ingen dyre helikopter eller store maskiner på byggeplassane. Det er faktisk berearbeidet som er dyrast, men slik ligg pengane igjen lokalt. Mange bønder får inntekter og kan få bygge eigne hus seinare. Ikkje noko går til korrupsjon. Og vi bruker berre 15 prosent til administrasjon, forklarar Ødegaard.

Ber Herøy hjelpe

Vi møtte Ødegaard då han var på rundtur i Herøy for å sette ut bøsser i lokalbutikkar her.

– VI har no ståande ein tilhengar mellom Kiwi og Extra på Eggesbønes. Den har flotte bilete frå Nepal. Inne i daglegvarebutikkane står bøsser ved kassene der folk kan bidra til gjenoppbygginga der ingen andre har vore. I tillegg til Eggesbønes står det bøsser ved matbutikken Spar, på Fest og Fritid og på klesbutikken A. Sævik i Fosnavåg, forklarar han.

– Eg håpar folk vi bidra, held han fram.