4,4 mil. kr må oppvekst- og kultursektoren skjere ned på drifta neste år, medan helse/omsorg skal spare inn 3,2 mil. kr. Sjølv om sistnemnde sektor er den klart største, er det altså skulen som bere den største børa når vi rundar nytt år, men vi gjer merksam på at det førebels ligg på administrativt plan.

Strukturendring light

Det er no klart for politisk behandling av budsjettet. Først i fagutvala, deretter i formannskapet og til slutt i kommunestyret.

Nyleg vedtok kommunestyret at det vert mindre endringar i skulestrukturen. Skulane på Sandsøya og Kvamsøya skal få felles leiing, og rådmannen vil ha det sett i verk allereie frå 1. januar 2019. Og neste haust skal 5. klasse frå Gjerdsvika overførast til Gursken skule.

– Vil få store fylgjer

– Eit kutt på 4,4 mill. kr vil få store fylgjer for tenestene. Dette svarar til eit kutt på seks til åtte heile stillingar. Og sjølv om ein kuttar i anna enn stillingar, er redusert stillingsvolum ein føresetnad for å få budsjettet i balanse, skriv rådmannen.

Skulestrukturendringa vil spare kommunen for 1,9 mill. kr neste år. I tillegg vert det varsla kutt i mellom anna rammetimetal/assistentstillingar, skulemateriell, avgrensingar i vikarbruk skule/barnehage og ei personaljustering innan barnehage.

– Kutta gjer det meir vanskeleg å yte gode tenester, og legg større press på dei tilsette, konkluderer rådmannen.

Omsorgskutt

Når det gjeld helse og omsorg er det framlegg om 3,2 mill. kr i innsparing.

Her er det framlegg om å stenge fire-fem senger på sjukeheimen neste år, noko som gir ei innsparing på 1,2 mill. kr.

Vidare skisserer rådmannen redusert bruk av personell på Øya, på helgebemanninga og på vikarbruken. Ein har også nokre andre kuttforslag, mellom anna på Elvebakken.

Innanfor administrasjon er det framlegg om ei innsparing på 600.000 kr, der mykje er knytt til ei vakant stilling.

Teknisk og landbruk er føreslege med ei innsparing på 460.000 kr neste år. Mellom anna vert det ikkje kantslått neste år.

Rådmannen ser heller ikkje korleis ein kan gje meir midlar til kyrkja neste år, der ein har ynskje om utvida kapasitet til trusopplæring, samt at det er vedlikehaldsbehov for kyrkjene både på Sande og Larsnes.

«Dette vert krevjande»

I dei generelle kommentarane til budsjettet teiknar konstituert rådmann Oddbjørn Indregård eit heller dystert bilde. Bakgrunnen er sjølvsagt den velkjende problemstillinga med at noverande driftsnivå generere utgifter som er høgare enn det inntektene ser ut til å bli. I eit lengre perspektiv – akkumulert – er situasjonen endå verre.

– Framlegg til budsjett 2019 og tilhøyrande økonomiplan legg opp til ei vidareføring av siste års arbeid med å tilpasse driftsnivået/kostnadsnivået til kommunens inntektsnivå, skriv Indregård. Han strekar under at tidlegare budsjett, omstillingsarbeid og innsparingsvedtak må takast i betraktning når ein les budsjettsaka.

– I framlegget er det ein samla tenestereduksjon på om lag 8,5 mill. kr med tilhøyrande tiltak. Det er openbert at ein slik reduksjon medfører store endringar i tenestetilbodet for våre innbyggarar. Like openbert er det at det vert krevjande for tilsette og leiinga ute i einingane, og ikkje minst for våre folkevalde som gjennom vedtak må gjere svært vanskelege val, avsluttar rådmannen.