– Herøy Sogelag har ei medlemsliste med mellom 600 og 700 namn. Svært få sogelag kan matche det! Alle desse får tilsendt «Folk og Fortid» gratis som ein del av medlemsskapet. Frå og med i fjor får medlemmane i tillegg tilsendt «Herøykalenderen» på same måten. Slik trur vi fleire kalenderar vil hengje rundt om i heimane i Herøy, seier han i ei pressemelding

Gamle bilde frå Herøy

«Herøykalenderen» inneheld gamle bilde frå Herøy. Per Ståle Moltu har ansvaret i år, etter at Steinar Åheim i ei årrekkje har ordna kalenderen. Opplaget er på 1000 eksemplar. Tidlegare har skuleelevane i Herøy bidrege med sal på dørene. I år som i fjor vil alle sogelagsmedlemmane få kalenderen tilsendt gratis, medan andre interesserte kan kjøpe han i butikkane.

Båtbrannen på Remøya i 1953

Ei av dei mest dramatiske historiene i «Folk og Fortid» i år er om båtbrannen på Remøya i 1953. Tre unge gutar omkom i ei svært tragisk ulukke som folk på Remøya lenge ikkje orka å snakke om. No, 65 år etter, har Johan Moltu snakka med fleire av dei som opplevde brannen.

Mange i Herøy hugsar dampbåten «Grei». Otto Jøsok har skrive ein spennande artikkel, med mykje godt bildestoff, om denne båten som betydde så mykje for mange bygder i Herøy.

Før ho døydde, skreiv Nelly Sævik ned nokre minne frå barne- og ungdomsår ute i Sævikane. Redaksjonen i «Folk og Fortid» har fått høve til å gjengi desse minna, og familien har bidrege med mange bilde.

Herøybrua, Skorpa og Stine Goksøyr

Elles har 2018-utgåva fått med striden om linevalet for Herøybrua, Kåre Kvalsvik sin prolog til brufesten på Nerlandsøya i 1968, Dagrun Jøsok si forteljing om besteforeldra Dina og Peder Jøsok, skjebnen til englandsfararen Mindor Berge, ein østerdøl som vart herøyværing, Stine Goksøyr som er utpeikt til årets Herøyprofil, den utflytta strålingsforskaren Kristian Ytre-Hauge og Odd Goksøyr sin 17. mai-tale på Runde.