– Vi starta i 12-tida og har jobba med maten sidan då.

Dei tre kokkane, Tor Egil Gulbrandsen, Erlend Sætre og Tormod Ekroll, er nesten i mål med dagens fire rettar i det vi bankar på kjøkendøra.

– Smak då, seier Gulbransen, og rekker over ei skei med det som blir ein del av kveldens dessert, «krydder-rjome».

Det er ingen ting å seie på smaken. Vi spør kva som er i retten, og til det berre flirer dei litt. Det er tydelegvis ei vel bevart hemmelegheit. Ekroll løftar ut brett på brett med kalvefiletar og saltar dei. Sjølv om det er mykje som skal gjerast, ser det ikkje ut til at dei tre matentusiastane kjenner på presset. Men kven veit, truleg er dei nok spent ettersom det står om lag 180 festpynta gjestar utanfor på den raude løparen, og ventar på å få sleppe inn i til glamour-pynta lokale på Breidablikk.

La showet starte

Då klokka slår 19.30 vert dørene opna, og gjestane, som elles har kome frå både fjern og nær, finn i tur og orden sine plassar. Dei får alle eit glas med bobler som står i stil til startaren som allereie ligg klar på tallerkenane då vi set oss. Der har kokkane allereie stelt i stand «Laks tartar», rå laks med parmesan, kapers, raudkål, grasløk...

– Og det einaste som ikkje er lokalt er sørlandschipsen som også ligg på fatet, seier kveldens vittige programvert, Harald Sætre.

– Vi set også pris på at det under vegs kjem nokre moderate behagsytringar som for eksempel; mmm, seir han og sparkar i gang showet saman med resten av Feel It-bandet.

Etter ein opningsbolk med feststemte låtar, er det tid for kveldens forrett, brosmesuppe. Den er kokt på råvarer frå Sandefisk med «alskens anna godt nedi» for å sitere Sætre igjen. Og kva no enn alle ingrediensane er, hausta suppa ros frå underteikna og gjestane på bordet rundt.

Showet går deretter slag i slag. Mellom kvar rett blir vi underhaldne av imponerande musikalinnslag frå kveldens husband beståande av Laila Fjørtoft Sandanger, Trygve Sætre og André Leikanger på vokal, Tor Helge Lillebø på gitar, John Magne Løvberg på bass, Arnstein Furnes på tangentar, Stig Arve Slettestøl på slagverk, Guro Hauge Rovde på trompet, Marlen Hauge Knotten på trombone, Susann Worren Hauge på saksofon og til slutt Harald Sætre på trompet.

Til hovudrett blir vi servert heilsteikt kalvefilet med portvinsaus og karamelliserte plommer. Nok ein innartiar frå kokkane si side. Middagen blir til slutt toppa av ein dessert beståande av lokalbær frå Rovde, servert med, ja du gjetta riktig, krydder-rjome.

– Oppskrifta på den er tydelegvis so hemmeleg at vi måtte sløkkje lyse og låse dørene når ho skulle piskast, fleipar konferansieren.

– Fantastisk

Etter eit vel gjennomført show, venta dommen frå gjestane. Hjå tilskodarane som Vestlandsnytt snakka med, var tilbakemeldingane utelukkande positive.

– Dette var heilt fantastisk og veldig gjennomført. Dette er grunnen til at eg kjem att år på år, for dette må vi få med oss, sa ein, etter at konfetti-regnet på slutten hadde lagt seg over tomme tallerkenar.

Til slutt blei det retta ei takk til alle i manesjen og sponsorane som har gjort dinner-showet mogleg.