Den sterke auken i sosialhjelpsutbetalingar frå 2017 til 2018, der Herøy har dobla utbetalingane, og ligg an til å betale ut heile 12 millionar kroner i 2018, har bekymra Herøy-politikarane heile hausten. NAV blei difor bede om å sjå på grunnane til denne auken, og vurdere om det ikkje kunne vere mogleg å innføre vegleiande satsar for utmåling av økonomisk sosialhjelp. NAV har kome til at det vil vere fornuftig å innføre retningsliner for slike utbetalingar, basert på statens satsar. Kommunalsjef Renathe Rossi-Kaldhol og rådmann Olaus-Jon Kopperstad tilrår å innføre slike retningsliner.

– Vore tilfeldig kven som får kva

Ordførar Arnulf Goksøyr innleia debatten med ei lita oppdatering på kvifor denne saka har blitt so mykje diskutert.

– Eg oppfattar det slik at Herøy kommune har hatt ein rausare praksis enn dei andre, og at det er bakgrunnen for denne saka.

Politikarane fann det vidare interessant å diskutere både satsar og ikkje minst kven som kjem innanfor stønadsgrensene. Til det siste kunne kommunalsjef Rossi-Kaldhol tidleg opplyse at dei har latt seg inspirere av Bergen kommune.

– Vi har innhenta kva dei gjer i Bergen, med tanke på vilkår for sosialhjelp. Vi har vel på mange måtar adoptert dei der, sa ho.

Per Kristian Furø (Ap) støtta tilrådinga.

– Det er greitt å få faste satsar. Det har vore tilfeldig kven som får kva, og ulike utbetalingar. Veldig greitt om vi legg oss på same nivå som andre kommunar som nyttar faste satsar, meinte han.

Han fekk støtte frå Solveig Båtsvik (Frp).

– Det er viktig at vi køyrer same line i alle kommunane som ligg nær kvarandre. Det er naturleg at folk trekk dit det er mest gunstig, sa ho.

– Handlar om kva vi skal gi støtte til

Avdelingsleiar for barn, familie og helse, Inger Marie Tofthagen, som har vore med på å utarbeide retningslinene, var også til stades på møtet.

– No går vi inn på kva ein skal gi støtte til. Skal vi gi støtte til førarkort? Dette er ting som varier frå kommune til kommune, sa Tofthagen.

Dette interesserte Kjell Runde (Folkelista/Sp).

– Støtte til førarkort, blir dette gitt til vanlege nordmenn? Altso etnisk norske, sa Runde.

– Eg trur ikkje det er der forskjellen ligg, meir på om førarkort kan få vedkomande ut i arbeid, svara Tofthagen.

Må kunne bruke skjønn

Ordførar Arnulf Goksøyr (Høgre) meinte at det i slike vurderingssaker burde vere meir enn ein som uttalar seg. Og framheva viktigheita av å få ei «second opinion» når ein brukar skjønn til å vurdere noko.

Jens Terje Johnsen (Ap) hadde bite seg merke i eit punkt i saka.

– Punkt 11 er det viktigaste. Det sit fagfolk og tek imot klientane, dei må ha lov til å vise skjønn, meinte han.

Det aktuelle punktet handlar om at satsane og retningslinene skal vere vegleiande, og at det ikkje erstattar forpliktinga om å vise individuelt skjønn.

– Kan vere ei god investering

Per Kristian Furø (Ap) understreka at dersom ein yter eit beløp som er hjelp til sjølvhjelp, kan det på sikt bli ei god investering.

Formannskapet gjekk til slutt samrøystes inn for slike retningsliner, og det blir no opp til kommunestyret å avgjere om dei skal innførast eller ikkje.