Nyleg tok Fylkesmannen imot eit anonymt tips med tilhøyrande fotografiske vedlegg. Lokaliteten er ved Breivik Kalkverk, der innsendaren påstår at ein eldre kalkomn med asbest er nedgraven under havnivå, samt at det også er graven ned bygningsrestar med eternittplater på staden.

Fylkesmannen har i sin tur sendt tipset vidare til Sande kommune. Senioringeniør Guro Eidskrem Gjenstad skriv til kommunen:

– Noko av dette avfallet kan innehalde asbest. Vi ber om at Sande kommune undersøkjer og fylgjer opp saka. Kopi av dette brevet er sendt til Arbeidstilsynet.

Teknisk sjef Kjell Martin Vikene i Sande kommune har fylgjande kommentar til påstandane og brevet:

– Vi har no skrive brev både til drifts- og eigedomsselskapet. Her har vi sett ein dato på for tilbakemelding på det Fylkesmannen spør om, seier Vikene.

Vi strekar under at det frå offentlegheita ikkje er påstått noko om kven som står bak, eller nøyaktig kvar dette har skjedd.