– Den einaste som eigentleg er fast inventar er meg. Resten av bandet er blitt byta ut med jamne mellomrom, seier trompetist Ole Edvard Antonsen.

Fredag 30. november kjem han tilbake til Fosnavåg for fjerde år på rad. I år har han med seg den klassiske songaren Stine Hole Ulla (vinnar av Norske Talenter i 2012) frå Sykkylven og «rockerøysta» Knut Marius Djupvik (vinnar av The Voice 2013) frå Tomrefjord utanfor Molde.

Nytt i konseptet

Knut Marius skil seg tydeleg frå dei andre gjesteartistane trompetisten har hatt med seg, ved at han har ein utprega «rocka» røyst. Kva kan vi vente av han på denne typen julekonsert?

– Då eg såg Knut Marius live, opplevde eg han som mykje meir enn ein rockeartist. Han har eit stort register, ein litt rocka røyst, og veldig mykje energi i det han gjer på scena. Det vert noko nytt i konseptet vårt, seier Antonsen.

Då Knut Marius ymta frampå om at han gjerne ville gjere teknisk utfordrande låtar, som den klassiske julesongen «O helga natt», var Ole Edvard Antonsen i utgangspunktet litt tilbakehalden.

– Men då eg høyrde han syngje den på ein prøve i går, ramla eg nesten av stolen av kor bra det var.

Fornyar seg kvart år

Det er elles ikkje gitt at publikum berre får servert tradisjonelle julelåtar.

– I og med at konserten heiter Desemberstemninger, opnar vi for musikk som ikkje er direkte knytt til jul. Og vi prøver å forandre oss litt frå år til år, seier Antonsen.

Etter å ha gått «runden», endar dei likevel opp med mykje av det same.

– 50–60 prosent av det vi kjem med har folk truleg høyrt før.

Likar seg i Fosnavåg

Desemberstemninger vert framført på mellom 30 og 35 kulturhus og konserthus over heile landet kvart år. Men det er berre Fosnavåg som får besøk for fjerde år på rad.

– Der kjenner eg at vi har fått vere med å skape ein tradisjon. Og så er det veldig stas å kome ut til Fosnavåg. Både byen, konserthuset og hotellet er utruleg fint, seier Antonsen.

– Det handlar om stemningane

For Ole Edvard Antonsen handlar jula først og fremst om familie og tradisjonar.

– Jula har heilt eigne stemningar for alle sansane, seier han.

Dei vert trigga av faktorar som mat, lys, pynt og musikk.

– Eg kjem frå ein musikkfamilie, og hos oss var det sånn at etter å ha spist og opna pakkar, skulle vi eigentleg gå rundt juletreet. Men sidan vi hadde eit familieorkester, ville helst alle spele og ingen gå rundt treet. Det enda alltid opp med ein «jamsession», og utover kvelden kom masse naboar innom, minnest Antonsen.

Han er elles nokså audmjuk over at kvar og ein har eigne tradisjonar.

– Den herlege førjulstida er prega av ulike stemningar – desemberstemningar – for alle sansane. Musikken er ein viktig del av det, men eg vil ikkje «dytte» mine eigne referansar på folk. Eg er oppteken av å formidle ei stemning som gjer at folk kan «sjå» musikken utifrå sine eigne levde liv og referansar, seier Ole Edvard Antonsen.