Skatteoppgjeret viser at 5771 skattytarar i Herøy betalte for mykje i skatt i fjor og skal ha tilbakebetalt til saman 91,9 mill. kroner med renter. I snitt får kvar av desse utbetalt 15.929 kroner.

1.105 skattytarar betalte for lite i fjor og er utlikna med til saman 41,2 mill. kroner i restskatt. Den gjennomsnittlege storleiken på restskatten i Herøy blir 37.325 kroner.

I Sande blei 1844 personar likna med til saman 26,8 mill. kroner til gode på skatten. Det gir ein snitt på 14.526 kroner.

296 skattytarar betalte til saman 5,6 mill. kroner for lite og har fått ein restskatt i snitt på 18.973 kroner.

7170 herøyværingar og 2219 sandssokningar er omfatta av skatteoppgjeret for 2017. Summen av berekna skattar og avgifter var 811,5 mill. kroner i Herøy og 215,9 mill. kroner i Sande.

Av landkommunane i fylket var det berre Ørsta (850 mill.) som hadde høgare samla berekna skattar og avgifter enn Herøy i fjor. Ulstein på tredjeplass hadde 791,5 mill. kroner.