Nyleg kom Fylkesmannen med eit revidert framlegg til løysing til nye grenser, der tvisten kring grensedragingar mellom reservatet og Sandsøy Servicebåt er det mest aktuelle.

Sandsøy og Voksa grendelag peikar på at ønsket og lovnaden om frigjeving av nokre meter på vestsida av vegen ned til bedrifta, er ikkje tilstrekkeleg innfridd. Laget har fått opplyst frå bedrifta at ein skriftleg avtale med Fylkesmannen ikkje er overhalden.

– Når det skal ryddast opp i gamle problem er det uakseptabelt at det ikkje vert teke omsyn til lokale behov, heiter det mellom anna i innspelet. Avslutningsmessig ber ein om at kommunen bidreg til ei løysing.

Tvisten som gjeld nokre få kvadratmeter har no halde på i fleire år.