I dei siste åra har UKM samarbeida med NRK om å arrangere av den store TV-sende songkonkurransen for barn, MGPjr. Dette har vore synleg gjennom at deltakarar til kulturmønstringa har fått utfalde seg på den store scena i Telenor Arena. I år viste dei ein video under showet, og ein deltakar frå årets UKM-festival var med som pauseunderhaldning.

Sandssokningar med

Men det kanskje ikkje mange veit, er at nokre av dei som stod bak orkestrerte og deltok i dette samarbeidet frå UKM si side, var larsnesingane Oskar Fjørtoft Sandanger og Herman Brune Leikanger. To karar som ikkje skyr rampelyset.

Sandanger var produsent for eit stort sceneshow utanfor Telenor Arena der dei viste kva som skjer når ung kultur møtest. Leikanger var konferansier på same showet, der om lag 15.000 var innom for å vitje alle dei talentfulle deltakarane.

– Veldig stas

– Det er veldig stas å få vere med på dette opplegget. Det kan vi nok begge skrive under på. Alt i alt er det stort å vere med på eit så gjennomført arrangement, og det er hyggeleg å møte kultur-ungdom, seier Sandanger til Vestlandsnytt.

Han hadde den same jobben i fjor, og han er svært glad for at han fekk tilliten til å jobbe med dette også i år.

– Og så er eg så heldig at eg sjølv vel kven eg vil ha med til å jobbe med meg på denne scena. Då var det veldig fint å kunne velje Herman – sidan vi har jobba mykje saman før, på mellom anna Sommarshow på Larsnes og Kong Arthurspelet.

Utfordrar Herøy og Sande

Etter å ha vore med på dette sirkuset for andre gong, er det ein ein ting Sandanger har lyst til å løfte fram: Han ynskjer å sjå herøyværingar og sandssokningar på bana.

– Er det ikkje nokon frå Sande eller Herøy som snart skal melde seg på MGP Junior?

– Eg trur dette ville vere ei oppleving for livet, og eg veit her er mange flinke, potensielle kandidatar i både Sande og Herøy.

Dette gjeld naturlegvis også UKM, utdjupar han, og rosar alle som deltek i kulturmønstringa.