– Eg finn det vanskeleg å slutte. Eg har i grunnen likt dette arbeidet veldig godt.

Helge Storøy sit og speidar ut gjennom ruta i den vesle pause-konteinaren Herøy snikkarlag har ståande på byggeplassen i Nedre Sørlia. Han har akkurat fullført dagens lunsj i det lokalavisa bankar på døra. No er snikkaren klar for nok ei solid arbeidsøkt, trass i at mannen runda 80 år på torsdag.

– Det er ikkje like jamt som det ein gang var, men ja eg er no i arbeid, smiler han og finn fram snikkarvesten.

Snikkar store deler av livet

Snikkarvesten har vore ei trufast uniform i lang tid. Storøy trådde fyrst inn i yrket allereie i 1965. I 1962 gifta han seg nemleg med Else Margrethe Martinsen, og då bestemte han seg etter kvart for å finne seg eit landbasert yrke etter fleire år på havet.

– Det har vel alltid budd ein liten snikkar i meg. Heilt ifrå tolv årsalderen var vi gutefantane på røykeriet der vi hjelpte til med å spikre kasser. Deretter hadde eg ei tid på sjøen, greier Storøy ut, og fortel so om fartsida på havet.

Storøy var mellom anna om bord i Leinebjørn. Dette er ei tid han hugsar godt.

– Eg lengtar ikkje veldig tilbake til ruskevêret og sjøverken på vinterstida, men fisket på somrane må eg seie eg saknar. Det var fint.

Helge hugsar også godt den dagen han sette sjøbeina på land.

– Då eg kom inn til hamn etter min siste dag på sjøen i 1965, stod Arnfinn Ellingsen og venta på meg med eit tilbod. Oddvar Sævik skulle byggje seg hus på Remøya, og Henrik Sævik, eller «Rikken» som vi kallar han, trong hjelp med å bygge. Og slik blei eg snikkar, fortel Storøy.

Starta på Remøya

Det blei ikkje berre med det eine huset på Remøya. Då brua var komen på plass, var det naturlegvis fleire som ville ha hus på øya, og det gjorde at Storøy og Sævik Byggelag fekk nok å gjere dei neste ti åra.

– Eg trur eg kan hugse nesten alle hus vi bygde og arbeidde på i den perioden, funderer Storøy, men innrømmer at han ikkje klarar å sjå føre seg alle husa han har jobba med i løpet av karrieren.

Fleire «Storøy» på bana

Etter kvart som åra gjekk, kom også fleire frå familien til Helge inn i bransjen. Nevøen, Johnny Storøy, var med Henrik og Helge frå tidleg av. Tre av sønene, i ein søskenflokk på i alt fem, tok også opp hammaren etter far. Fleire i familien jobbar i byggebransjen i dag.

– Det har vore litt omorganiseringar blant snikkarane i Herøy opp gjennom tida, før dei til slutt samla seg og skipa Herøy snikkarlag i 2001. Eg har også fått jobba med fleire familiemedlem og Storøy-namnet er ikkje ukjent i bransjen for å seie det slik, smiler Helge.

Han legg til at også barnebarnet, Sebastian Storøy, har starta som snikkar. Det synest han er svært.

– Håper vi arvar han far

Ein av sønene, Jon Hermann Storøy, har jobba saman med Helge i over 30 år. Han har ikkje anna enn lovord å seie om faren og læremeisteren.

– Vi har alle lært utruleg mykje frå han. Det er fyrst no dei seinare åra vi kanskje har fått lært han noko også, forklarar sonen.

– Det som er litt gøy er at han nok er den mest oppegåande av oss alle. Vi får håpe vi har arva han far, skryt sonen, som so vidt får sagt nokre ord, før han forlèt byggeplassen.

– Vore heldig

Helge tek opp tråden der sonen slepp. For er det ein ting denne mannen er takksam for, er det helsa.

– Eg har vore veldig heldig. Å kunne halde på so lenge som snikka er ingen sjølvfølge. Fleire må gi seg før dei når pensjonsalderen, fortel Storøy.

Heilt fritt for knall og fall har det ikkje vore, men han har sloppe med skrekken der det betyr noko.

– Ein slarv

At mannen har halde seg ved god helse blir endå meir imponerande når ein tek i betraktning at Helge kanskje ikkje har vore noko HMS-kroneksempel i sine yngre dagar.

– Nei, det var ikkje mykje til HMS då eg byrja. Heldigvis har det kome til etter kvart. Høyrselsvern skulle gjerne ha vore på plass litt tidlegare, seier han med eit skeivt smil, og peikar på dei to høyreapparata han har i øyrene.

– Eg har vore ein slarv, og om eg skal gi eit råd til dagens snikkarar, er det å ta sikkerheita på alvor. Det er fort gjort at det ryk eit kne, ein skulder eller ein rygg når ein snikkar.

Det sosiale held han tilbake

Sjølv om det ikkje er noko å seie på arbeidslysta til 80-åringen, er han klar på at det snart er på tide å gi seg.

– Eg må vel snart vie litt meir tid til ho som er heime, som eg har levd livet mitt med. Eg ser verkeleg fram til å dele pensjonist-tilvære med ho, for ho har vore heilt fantastisk, skryt Storøy.

– Kva har halde deg tilbake frå pensjonere deg tidlegare då, spør vi Helge.

Han treng ikkje tenke lenge før svaret kjem.

– Det sosiale. Hadde eg ikkje trivst på jobb, hadde eg gitt meg for lenge sidan. Men eg har det veldig kjekt, sjølv om eit og anna uvêr har stått på. Du må tru eg har høyrt mange artige historier opp i gjennom, seier han, med glimt i auge.

Dessuten føler seg til nytte i jobben. Det å kunne hjelpe folk, er noko som er ei naturleg glede for Storøy.

Helge Storøy konkluderar til slutt med at han ikkje angrar på vegvalet som snikkar.

– Det eg sit att med er takksemd for å ha fått lov til å halde på so lenge, og for familien og folka eg jobbar saman med.