Bergsøy tok turen til Godøyhallen utan rutinerte spelarar som Beate Myklebust, Linda Espeseth og Tina Gavranic, då dei jakta sin femte strake siger tysdag kveld. Og for ei tynn Bergsøy-tropp blei det ein skikkeleg slitekamp.

– Trass i at vi hadde få spelarar med oss greidde vi likevel å spele oss til gode sjansar, men vi sleit med å få ballen i mål, fortel Eileen Baumann Jensen som blei Bergsøy sin toppscorar med åtte mål.

Målfarlege Aukse Aglinskiene spela også kampen, men enda opp med berre tre scoringar. Ho hadde tøffe arbeidsforhold, då Godøy/Aksla valde å ta ho ut av kampen.

– I andre omgang la dei frimerke på Aukse, det hjelpte oss ikkje. Men vi måtte berre gjere vårt beste og utnytte dei ekstra romma som oppstod i forsvar, seier Baumann Jensen.

Det klarte Bergsøy-damene fint, og drog til slutt i land ein 27-25-siger, etter å ha leia med 15–12 ved pause.

I tillegg til Jensen og Aglinskiene markerte også Olivia Nærø (6 mål) og Lisa Marie Vestnes Sørdal (5) seg i målstatistikken.

Viste karakterstyrke

Baumann Jensen skryt også av innsatsen ho og dei andre jentene la ned.

– Eg synast alle var flinke til å ta ansvar. Vi gav aldri opp sjølv om dei tok oss igjen, og vi plutseleg berre leia med eit mål.

– Og det er karakterstyrke?

– Ja, det er godt å sjå at laget, trass ein dårleg dag, held motet oppe og kjempar i hamn to poeng, seier Baumann Jensen.

Toppar saman med Molde 2

Bergsøy toppar no tabellen saman med Molde HK sitt andrelag. Begge laga har vunne fem av fem kampar, og har ti poeng. Molde er føre fordi dei har betre målforskjell.

I neste kamp møter Bergsøy svakt plasserte Vestnes/Varfjell på bortebane. Den kampen spelast neste helg, laurdag 17. november. Til denne kampen forventar Bergsøy-trenar Aukse Aglinskiene å ha storscorar Beate Myklebust tilbake.

Deretter ventar tredjeplasserte Volda 2, og toppkampen mot Molde 2. Begge dei to heime i Herøyhallen dei etterfølgande helgene.

– Vi er med i toppen, og no skal det bli spennande å møte både Molde 2 og Volda 2, avsluttar Baumann Jensen.