I 2017 gjekk SunStone Ships inn i ein kontrakt på eitt skip og ni opsjonar på leveransar av ekspedisjonscruiseskipsdesign og utstyrspakkar frå Ulstein. Reiarlaget har no erklært opsjon nummer to. Dette vil seie at det er totalt tre skip basert på designet CX103 under bygging for SunStone ved CMHI-verftet i Kina.

I ei pressemelding har Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar for forretningsområdet Design & Solutions, dette å seie.

- Vi er svært fornøgde med arbeidet som SunStone Ships har lagt ned for å finne cruiseoperatørar til desse fartøya, og er overtydde om at dei kjem til å få realisert alle dei ti skipa i serien.

Ulstein Design & Solutions har designa skipet, og er også ansvarleg for utstyrsleveransane. Skipa i INFINITY-klassen er 104,3 meter lange og 18,4 meter breie. Skipe skal heite "Ocean Victory" vil ha overnattingsplass for 100 mannskap og 200 passasjerar, heitar det i pressemeldinga.

Nybygget vil bli levert i mars 2021.