I delar av Ulstein skal matavfall/våtorganisk avfall inn som ny fraksjon allereie om to veker.

Frå mars og utover vil først herøyværingane og deretter sandssokningane få utlevert nye dunkar. Før sommarferien skal SSR ha fullført omlegginga i alle fire kommunane.

Då kjem det eigne dunkar for matavfall, der folk kan kaste matrestar, men til dømes også kaffigrut, tørkepapir, meieriprodukt og bleier.

Dunkane med matavfall skal hentast annakvar veke, medan det vert henting av plast og papir kvar fjerde veke. Slik at SSR som i dag samla sett hentar to dunkar annakvar veke.

Snudde minus til pluss

I haust har SSR-sjef Einar Heimdal vitja alle dei fire kommunestyra i SSR-området. Her har han gjort opp status for det interkommunale selskapet som på få år har snudd ei negativ økonomisk utvikling.

I 2010 var eigenkapitalen minus 6,3 millionar kroner, medan han i 2017 var i pluss med 4 millionar. Samstundes har prisnivået – som enkelte rett nok meiner er høgt – vore berre svakt stigande, og på langt nær lik generell prisstigning.

Ikkje eit A4-selskap

Ei fersk og uavhengig undersøking syner at SSR ikkje er eit «A4-renovasjonsselskap». SSR scorar nemleg heller svakt på kundetilfredsheit, driftseffektivitet og gebyrnivå. Men på motsett side er tenestestandarden heilt på topp. Også arbeidsmiljøet får god score.

– Indikatorar i denne undersøkinga syner dessutan at vi er det reinaste selskapet i Norge med tanke på kryssubsidiering, seier dagleg leiar Einar Heimdal. Med andre ord skil SSR på korrekt og godt vis næringsdelen frå den offentlege kundedelen, slik det også skal gjerast.

Må skrue opp gebyra

Med i bildet høyrer også ei storstilt utbygging av eksisterande og nye miljøstasjonar. 85 millionar kroner er siste par åra nytta på utbygging. Det har kome nye miljøstasjonar i Sande og Herøy og Ulstein,

Store investeringar dei seinare åra, med tilhøyrande auka driftsnivå, gjer at sjølvkostfondet no er i ferd med å bli ete opp. Difor er det SSR sin plan å auke gebyrnivået med 4 prosent i kvart av dei fire åra i komande økonomiplanperiode.

– Vi har best tilbod i landet

– Det er kanskje ikkje alle som er klar over det, men SSR har det beste tilbodet i landet, seier Heimdal til Vestlandsnytt.

– Det må du forklare nærare.

– Det går på to forhold. Det første gjeld hentefraksjonane, der folk kan levere uavgrensa mengder papp og papir, og såpass store mengder plast. Dunkane er som regel romslege, for å seie det slik. Det andre punktet gjeld miljøstasjonane, der vi ut frå folketal og avstand til innbyggjarane også er best i landet, seier Heimdal.

Sjølvmotseiinga i det faktum at tilbodet er best i landet, medan kundetilfredsheita er låg, meiner Heimdal kan skuldast at kundane sine forventingar til SSR er i største laget.

Svært gode tilbakemeldingar

Utbygginga av tre store og nye miljøstasjonar er resultat av politiske ønskje frå eigarkommunane. Utbyggingane kostar, som nemnt, men det ber også frukter i form av svært god respons:

– Vi har teke imot svært gode tilbakemeldingar frå kundane på realiseringa av desse stasjonane. Vi ser også at bruken av desse er sterkt aukande. Folk er rett og slett veldig godt nøgde med desse tilboda, noko vi dagleg får tilbakemeldingar om, seier dagleg leiar Einar Heimdal.

Når matavfallet blir eigen fraksjon, skal avfallet leverast til eit biogassanlegg som gir energigjenvinning. På sikt er det planen at matavfallet skal leverast til eit planlagt nytt biogassanlegg i Ørsta. Før det anlegget vert realisert, skal avfallet leverast til eit biogassanlegg på Lillehammer, opplyser Heimdal.