Dei to grendelaga i ytre Sande og ordførar Dag Vaagen har siste dagane vore involverte i ein e-post-dialog med rådgjevar Atle Ræstad i fylkeskommunen si samferdselsavdeling.

Her kjem det fram at fylkeskommunen er i sluttfasen med utarbeiding av anbodsdokumenta for rute 01, Larsnes-sambandet.

Nye ruter vert soleis gjeldande først når det nye anbodet trer i kraft, frå 1. januar 2022.

Sentralt i framlegget er at sambandet får like rutetider heile veka. I mange år har det vore ei stor ulempe for dei reisande at det har vore eit fleire timar langt opphald laurdagar.

No opnar fylkeskommunen for å ha like rutetider heile veka, og at laurdagen dermed ikkje blir «hemma» slik som før.

– Eg meiner dette må reknast som eit fint framsteg for alle reisande på dette sambandet, seier Ragnar Kvamme. Han jobbar på Kvamsøya, bur på Sandsøya og er sekretær i grendelaget der.

Kvamme stadfestar at det siste dagane har vore ein dialog mellom grendelaga og fylkeskommunen.

I det første framlegget frå fylkeskommunen var det planen at Larsnes-sambandet skulle ha eit lite opphald midt på dag, med ein del vesentlege endringar i rutene på ettermiddag og kveld. Men med ni faste rundturar som i dag.

– Dialogen med fylkeskommuen syner at vi no kan få om lag same rutetidene som kvardagane no, men heile veka. Det ser ut til at det vert nokre små justeringar. Men alt i alt er dette godt nytt, meiner Kvamme.

Grendelaga har elles spela inn viktigheita av at alle ruter, både frå 1. mai 2019 og frå 2022, vert tilpassa bussrutene.

Fylkeskommunen vil dessutan at bestillingsruta på tidleg natt vert omgjord til permanent ordning. Denne ruta vil ikkje gjelde natt til måndag.

Kommunen vil vere involvert

Sande-ordførar Dag Vaagen ser med interesse på dei nye signala frå fylkeskommunen.

– Vi er litt overraska og skuffa over at kommunen ikkje har blitt involverte i anbodsprosessen, slik vi var lova ved førre krossveg. Dette held vi no på å undersøke, sa Vaagen til Vestlandsnytt tysdag føremiddag.