Sandsøy frilynde ungdomslag har framleis mange jarn i elden, 126 år etter at laget vart starta.

– I dag ynskjer vi å takke Sparebanken Møre, som har løyvd 45.000 kroner til vårt prosjekt med renovering av sanitærdelen av Dollstun.

Tre nye toalett

Det seier Fredrik Baade og Markus Flatøy i ungdomslaget. Dei er to av fleire som har vore aktive med den omfattande jobben med full renovering av sanitærdelen av bygget.

Resultatet er tre nye toalett – av desse eitt handikaptoalett. I tillegg har huset fått nytt vaskerom, og det er lagt nye røyr både innvendig og under grunnen ut frå huset.

Jobben har kosta rundt 300.000 kroner, og i tillegg er det utført dugnad for eit par hundre tusen.

– Det er jamleg ein del aktivitet på Dollstun. No planlegg vi julebord, og oppmodar folk til å melde seg på, opplyser Baade og Flatøy, gode representantar for stå-på-viljen mellom ungdomen.

SFUL-leiar Kaare Worren ynskjer å takke alle som har vore involverte i prosjektet.