Vekas sjåverdigheiter startar allereie på tysdag. Då får nemleg folk som har lyst til å tjuvstarte litt på julestemninga høve til eit kjærkome gjensyn med blånissane frå den kjente julekalenderen «Jul i blåfjell».

Det er Victoria Productions som kjem med ei fullstendig teateroppsetjing med ein av dei mest kjende og kjære førjulstradisjonane vi har. Her møter vi Blå-nissane i månaden før jul. Mykje skal gjerast og gamle tradisjonar haldast i hevd, skriv konserthuset.

Beady Belle m/Emma Sævik

Fredag kjem Beady Belle til Fosnavåg konserthus. Beady Belle har, sidan tidleg på 2000-talet, spela i store delar av verda – i over 160 byar i 28 land. Beady Belle er kjend for sin nerve og temperatur i framføringane.

– Scena er ein naturleg arena for meg. Og det er ein forlenga arm av det å skape musikk, seier artisten, som eigentleg heiter Beate Lech og er frå Volda.

Lech har tidlegare samarbeidd med Tolvtetten om sine julekonsertar. Denne gongen har ho med seg Emma Sævik frå Herøy i koret.

Gimse spelar konsert

På laurdag får publikum nok ein gong oppleve Håvard Gimse på flygelet han sjølv plukka ut i 2014.

Pianisten har etablert seg som ein av Noregs fremste musikarar med eit ekspansivt repertoar som femnar over 30 framførte pianokonsertar. Han er ettertrakta både som solist og som kammermusikar.

I Fosnavåg skal han spele musikk av Franz Schubert. Det blir m.a. Scherzo No. 1, Hungarian Melody, Impromptu No. Impromptu No. 4 og Piano Sonata No. 21.

Familieframsyning på Søndag

Den innhaldsrike veka på konserthuset vert avslutta med ein tur ut i verdsrommet med familieframsyninga «Rytmer frå Verdensrommet». I framsyninga får publikum vere med på ei spennande, visuell og rytmisk romreise både som tilskodar og deltakar. Bruken av musikk, røykmaskin, laserlys, surround-lyd, ny teknologi og live video, gjer at ein verkeleg føler at ein er langt ute i verdsrommet. Førestillinga handlar om to «trommonautar» som reddar planetar frå farlege asteroidar

– Førestillinga passar for heile familien, med hovudvekt på 5–15 år. Dei visuelle inntrykka skapar 3D-effekt både i lyd og lys, skriv konserthuset.