– Det har vore ei heilt fantastisk helg, eg er so stolt over det alle kora våre fekk til.

Det seier Camilla Kvalsvik Aksnes, som er leiar for musikk- og studie-utvalet i Norges Korforbund Sunnmøre, og ein av arrangørane av KorCupen. Ho syng også i Herøy-koret Cervix Vocales.

Frå Herøy deltok Bergsøy blandakor, Cervix Vocales og Tolvtetten. Sirene var Sande sin representant.

Høgt nivå

Våre lokale kor imponerte stort i konkurransen, som generelt var prega av mykje flott kormusikk.

– Dei tre dommarane var alle svært imponerte over det som blei framført, og såg stor forbetring for alle kora samanlikna med konkurransen i 2016. Spesielt den gode lyden blei trekt fram fleire gongar. Også publikum skrytte mykje av lydkvaliteten, fortel Kvalsvik Aksnes.

Ho legg til at alle dommarane ønskjer å kome tilbake for å dømme neste gong. Også blant kora er stemninga stor for ein ny korcup i 2020.

KorCupen var elles nyttig på fleire måtar.

– Alle kora lærer av kvarandre. Som til dømes korleis dei kan få ein ny og betre tone. Samtidig får alle tilbakemeldingar frå dommarane om kva dei kan jobbe med vidare for å få ein endå betre klang i musikken sin, seier Kvalsvik Aksnes.

Vann fleire premiar

Det blei delt ut åtte gulldiplomar og fire sølvdiplomar, medan ingen kor fekk bronsjediplom. Både Cervix Vocales, Tolvtetten og Sirene fekk gulldiplom. Bergsøy blandakor var også berre desimalar unna å få gulldiplomen, men enda opp på ein sølvdiplom. Dei fekk i likskap med fleire andre kor tilbakemelding om at dei ville vere tent med eit litt anna oppsett, slik at dei får fram variasjonen i stemmene.

I tillegg til diplomane blei det også delt ut fire sjangerprisar, der alle vinnarane fekk ein sjekk på 2000 kroner. Sande-koret Sirene fekk pris i sjangeren klassisk/kyrkjemusikk. Medan Herøy-koret Tolvtetten stakk av med to premiar, i høvesvis sjangrane negro spirituals/gospel og i pop/musikal-sjangeren. Ørsta-koret LYST vann den siste sjangeren, folketonar.

Magisk av Tolvtetten

For Tolvtetten stoppa ikkje prisdrysset med to sjangerprisar. Dei blei også vinnarane av hovudpremien på 10 000 kroner, etter å ha oppnådd høgast totalpoengsum. I totalkonkurransen tok også Cervix Vocales ein fin 4.-plass.

– Det var heilt fantastisk av Tolvtetten. Spesielt når dei framførte «Sangen om gleden» av Erik Hyllestad og Sigvart Dagsland. Dommarane skrytte mykje av dei mange individuelle solistane i Tolvtetten, som fekk ut ein fantastisk klang. Dei leverte rett og slett nydeleg song, skryt Kvalsvik Aksnes.

Syng i fleire kor

Fleire av Herøy-songarane er med og syng i fleire av kora.

– Unni Kvamme dirigerer Tolvtetten, samtidig som ho syng med Cervix Vocales. Hege Woldsund syng i tre kor, og også Sølvi og Øyvind Berg er med i fleire kor. Dei er alle kjempedyktige, seier ei stolt Camilla Kvalsvik Aksnes.

– Hjartebarnet mitt

For Camilla sjølv har Sunnmøre KorCup blitt svært viktig.

– Cupen har blitt hjartebarnet mitt. Eg har vore med i fire år no, og har ingen planar om å gje meg. Det er ei ære å få lov til å vere med å arrangere. Eg blir glad når vi får oppleve ei so kjekk helg, med middag og premieutdeling og heile pakka. Rett og slett ei fantastisk helg for alle involverte, avsluttar Kvalsvik Aksnes.