Orda kjem frå Øyvind Vebenstad, den mangeårige arrangementssjefen i AaFK. Han er no tilbake i jobben som politimann, yrket han også hadde før eventyret med Aalesunds Fotballklubb starta. Laurdag heldt han foredrag for foreldra og andre eldsjeler i Larsnes IL under «Fotballens dag».

Skape engasjement

Vebenstad innleia foredraget med å fortelje at det er viktig å skape engasjement for det ein kjempar for.

– Sjølv kan eg veldig lite om fotball, men eg veit ein del om det å skape engasjement og interesse for idretten, byrja han.

Vebenstad trekte blant anna fram eit konkret døme.

– Då eg var i AaFK inviterte eg alle barnehageborna i Ålesund til juletreavslutning på Color Line Stadion. Alle sa eg var fullstendig galen, men det blei ein tradisjon. Borna lærte å synge AaFK-songar før dei lærte «Bæ bæ vesle lam». Kvifor eg gjorde det? Jo, fordi det er merkevarebygging, skape ei tidleg tilhøyrsle til klubben.

Vidare fokuserte Vebenstad på kor viktige idrettslag er for ein god oppvekst.

– I ein landsby kjempar vi for å skape gode oppvekstvilkår for dei unge, og då veit vi at lag, foreiningar og idrettslag er av heilt avgjerande betydning for ein trygg og god oppvekst.

Konkurrenten sosiale media

– Men idretten har fått ein konkurrent. Dei unge finn sine forbilde på YouTube. Det er der borna våre er no, på datamaskina. Dei unge spelar dataspel, og tida går, det blir for få timar i døgnet til både fotballbana, datamaskina og det sosiale. Det går utover søvnen også, sa ein bekymra Vebenstad.

Spesielt sosiale medium har endra vanane blant dei unge, men også dei vaksne.

– Med sosiale media har det blitt slik at alle skal bli sett, og knytte nettverk over heile verda. Både med dei vi vil ha kontakt med, men også dei vi ikkje vil ha kontakt med. Fleire av oss har sett saka med «Sonja» i «Åsted Norge», det er fleire vaksne oppegåande menneske som er i same situasjon som Sonja i Norge, sa Vebenstad.

For dei som ikkje har fått med seg saka, handlar den om «Sonja» som har blitt svindla for store pengebeløp av ein mann som gav ut seg for å vere ein amerikansk offiser som ville vere kjærasten til «Sonja».

– No har vi fått ei ny utfordring. Born ned til 10 år delar nakenbilde av seg sjølve, fleire og fleire deler nakenbilde, faktisk gjer heile 13 % det. Ingen veit kva som skjer med bilda, men når dei først er på nett, so blir dei der for evig og alltid. Eg brukar ofte eksempelet om Nora Mørk. Handballspelaren som fekk pikante bilde av seg sjølv spreia på nettet. Heldigvis har ho det beste apparatet rundt seg, men kva med ho jenta på 13 år? Ho som fryktar at foreldra skal ta frå ho telefonen, og difor ikkje tørr å snakke med dei. Ho står åleine i ein forferdeleg situasjon.

– Hugs at den digitale verda er eit viktig perspektiv når vi skal jobbe med born og unge, poengterte Vebenstad.

– Alle er like viktige

– Alle kan bli inkludert i fotball. Eit idrettslag består av arbeidsmaurane. Dei som bidreg med vaflar eller saft, dei som stiller opp som vakter eller parkeringsvakter. Dei som er trenarar. Alle er dei grunnfjellet i eit idrettslag, og det er ikkje meir unikt i AaFK enn i Larsnes, sa Vebenstad. Han presiserte viktigheita av å ta vare på alle.

– Alle som vil bidra må bli sett, dei skal føle at dei har noko å bidra med. Larsnes IL kan bli best på å støtte spelarane sine. Det handlar om ektefølt engasjement, og det å sjå moglegheitene til å lykkast. Då vil ein også lykkast. Det er ein god start at dokke brukar laurdagskvelden på å planlegge framtida til Larsnes-fotballen, avslutta Vebenstad foredraget sitt med, til stor applaus frå eldsjelene i Larsnes IL.

Larsnes IL vil auke rekrutteringa

Etter inspirasjonsforedraget frå Øyvind Vebenstad diskuterte larsnesingane korleis ein kan auke rekrutteringa til idrettslaget i landsbyen

Primus motor i Larsnes-fotballen Aadne Sandanger leia diskusjonen og la fyrst fram styret sine tankar om kva idrettslaget kan bli betre på.

– Vi må bli betre på å få ut informasjon, slik at vi får fleire med. For å sikre gode oppvekstvilkår på Larsnes treng vi å tiltrekke oss fleire frivillige, sa Sandanger.

Han retta deretter fokuset mot kva slags klubb Larsnes ønsker å vere.

– Vi er stolt over å ha fått tittelen «Norges minste kvalitetsklubb», men sjølv synast eg at vi er ein god klubb, og at fokuset ikkje treng å vere på at vi er den minste. Men vi er ein breiddeklubb, og då skal vi legge til rette for alle som ynskjer å vere med på noko, og det krev meir av oss, sa Sandanger engasjert.

Fleire tiltak

Eldsjelene på Larsnes hadde mange gode forslag på kva ein kan bli betre på.

– Vi må sette fokus på den sosiale biten, skape eit sterkare fellesskap, meinte ein.

Ein anna meinte at ei god løysing ville vere fleksibilitet.

– Det står ikkje på viljen, men folk manglar tid og kapasitet til å ta på seg store verv. Det må vere mogleg å engasjere folk til enkeltarrangement, slik at ein slepp forpliktingar.

Andre var opptekne av å gjere det lettare for folk å kome på idrettsarrangementa.

– Det er viktig å sikre gode forhold for supporterane, kanskje hadde vi hatt nytte av ein benk eller liknande ved bana.

– Eg er imponert over at besteforeldre og andre møter opp uansett forhold, kanskje treng vi andre eit spark bak, undra ei eldsjel seg.

Promovideo?

Sandssokningane hadde elles latt seg inspirere av ting dei har sett andre stadar.

– Kanskje burde vi ha laga oss ein sånn promovideo?

Må engasjere seg i Fair Play

– Ein ting vi kan gjere betre er å bli med på Fair Play-helsingane. Der skjer det mykje rart, som ikkje er berre bra. Det vil vere inspirerande for borna om også trenarane er med på denne helsinga, sa ei anna, og fekk brei støtte rundt forslaget sitt.

Det kom i det heile tatt fram mange gode tiltak på Larsnes laurdag, og no blir det spennande å følgje idrettsutviklinga i landsbyen vidare.