– Russarane er heilt avhengige av smolten vi leverer frå Moltu, og denne investeringa viser kor viktig norsk kunnskap og oppdrettsprodukt faktisk er. Vi er storfornøgde med denne utbygginga.

Det seier dagleg leiar for Villa Smolt, Magnus Lillestøl, til at Prosjektbygg no er i ferd med å fullføre byggefase 1 i det som er ei storinvestering for smoltanlegget til russiskeigde Øyralaks på Moltustranda. Øyralaks er eigar av Villa Smolt. Her vert det no bygt eit nytt produksjonsbygg, i tillegg til ei rekkje nye oppdrettstankar.

For å fylle konsesjonen

Per i dag har Villa Smolt ein konsesjon på 5 millionar fisk, men har ikkje store nok fasilitetar til å utnytte alt. Det er nettopp difor denne utbygginga er viktig.

– No som fase 1 av byggeprosjektet er ferdig om nokre veker skal anlegget vere klart til å produsere 2,4 millionar smolt. Etter kvart som fase 2 er ferdig, truleg i november neste år, trur eg vi skal vere i stand til å kome opp i fem millionar, seier ein optimistisk Lillestøl.

Utbygginga kjem som ei naturleg utvikling av at eigarane av anlegget treng større mengder med norsk smolt.

I dag er delar av smoltproduksjonen utandørs, men når anlegget står ferdig vert alt flytta innandørs. Her er tankane også forma ut slik at ein skal få maksimal arealutnytting.

Russisk millioninvestering

Det er det russiske selskapet Russian Aquaculture som finansierer utbygginga til om lag 100 millionar kroner. Dette er det største oppdrettsselskapet i Russland som berre i år produserer rundt 18.000 tonn med laks og aure. Ifølgje heimesidene deira omsette dei for 1,6 milliardar kroner 2017, opp frå 0,8 milliardar kroner året før. Resultatet før skatt var på 0,3 milliardar kroner. Selskapet har om lag 43 oppdrettskonsesjonar, der dei fleste ligg i og rundt Murmansk i følgje nett.no.

Det er forretningsmenn frå Moskva står bak Russian Aquaculture. Blant dei er Maksim Vorobyov, broren til guvernøren i Moskva.

Russarane tok over anleggseigar Øyralaks i august i fjor. Selskapet var opphavleg starta av Lillestøl-familien på Moltu i 1986.

– Sidan då har selskapet opplevd både oppgang og nedgang i tur med korleis marknaden har vore, forklarar Lillestøl.

Han peikar på at det har vore mange eigarar inne i selskapet. Det vart først seld til Pan Fish i 1998, deretter lagt ned i 2003. Villa Organic starta deretter opp drifta att i 2007, før Salmar tok over i 2013.

– Store ringverknadar

Lillestøl har god tru på den russiske satsinga. Han viser mellom anna til at det russiske selskapet allereie har investert i tenester, varer og utstyr til over 1,1 milliard kroner i Noreg.

– Dei neste åra skal dei også investere for 600 millionar i landet, forklarar Lillestøl, og legg til:

– Dette vil skape store ringverknadar.

Som eit eksempel nemnar Lillestøl at dei har starta prosessen med å auke arbeidsstokken på Moltu. Per i dag har Villa Smolt seks tilsette og det er no snakk om at staben skal bli åtte-ti personar etter kvart som fase 2 er ferdig.

Fyrste levering i mai

Fyrste smoltleveranse skal, om alt går etter planen, fraktast til Russland når smolten er ca. 150 gram i mai 2019.