Ines spelte sjølv to små stykke av Bach på orgelet. To små musikkstykker som var gode å lytte til. Ikkje fordi dei var korte, men fordi dei var fine, og fordi Ines spelar so fint.

Guro Hauge Rovde var med som solist i koret denne gongen. Ho er ikkje berre flink å synge, men også å spele flygelhorn.

Sigmund Aksnes las i tillegg tre dikt av Bjarne Rabben. Sigmund er god til å lese dikt. Det er ein kunst det også.

Ein skulle ha ønska at fleire hadde kome til denne kvardagskonserten på ein heilt vanleg onsdag.

Konserten vart avslutta med kaffi og god kveldsmat.

Mandag 29. oktober var det HML Varden som hadde sin minikonsert. Korpset har i dag 15 medlemmer, med ein relativt stort avstand i alder. Men det er veldig kjekt at korpset no har fått opp nokre juniorar.

Varden spelte denne gongen eit veldig variert program. Det var songar som «We are the Champions» av Queen, det var «Ut mot havet», «Sønnavindsvalsen» av Bjarne Amdahl, ein Elton John-melodi, «Den fyrste song eg høyra fekk», og fleire til. Litt for ein kvar smak.

HML Varden hadde denne gongen fått med seg tre gjestar. Ines Vatne spelte ein melodi på orgel, og ein melodi på piano. Også denne gongen to musikkstykke av Johan Sebastian Bach. Kjempefint!

Dei to andre gjestane var Øystein Djupvik og dottera Hanna Gaustad Djupvik på gitar og song. Kjempefint!

Hanna hadde forresten i følge sin far sunge i Larsnes kyrkje tidlegare ein gong. Ho vart nemleg døypt her for tjue år sidan. Dei er hjarteleg velkomne til å kome fleire gongar. Og dei treng ikkje vente i tjue år.

På humoristisk og informativt vis, delte Harald og Helga Sætre på å leie publikum gjennom konserten.

Kveldsmat og kaffi vart servert på denne konserten også.

HML Varden takkar så mykje for innkome gaver denne kvelden.