– Vi som kyrkje må gripe fatt i folks mentale helse og vise omsorg for heile menneske. Det er derfor vi har valt å starte med det vi kallar for «KOM INN» kvar torsdag.

Det fortel ideehavaren til det heilt ferske kveldstilbodet i Herøy Kyrkje, Rikke Grevstad Kopperstad. Frå og med no vil kyrkja nemleg vere open kvar torsdag kveld for folk som har lyst til å roe ned. Konseptet er enkelt. Kyrkja er open for alle, og det er stille.

– Dette er ei stille stund med roleg musikk, lystending og enkel lesing frå bibelen. Folk kan berre sitte og roe ned i kyrkja. Kvardagane i vårt samfunn kan bli veldig stressande og tunge. Dette er som ei motvekt til dette, seier Kopperstad, som fortel at dette er ei fin anledning for folk å bli kjent med bibelen.

Ho forklarer at det å roe ned også kan vere eit viktig tiltak for å ta vare på ei god psykisk helse.

Inviterer til seminar

Og det er akkurat i denne psykisk helse-ånda at Kopperstad også har gått i bresjen for endå eit arrangement i kyrkja. Eit seminar om psykisk helse, som står for tur laurdag 10. november i regi av soknerådet.

– Då kjem vernepleiar Sigbjørn Vindheim og kona hans, Siv Vindheim, på besøk. Det er veldig flott med alle markeringane og fokuset vi har hatt på psykisk helse i det siste, men vi trenger endå meir undervisning. Det er her desse foredragshaldarane kjem inn i bilete, forklarar Kopperstad.

Ho kom i kontakt med Vindheim gjennom sosiale medium, der ho såg alle dei flotte tilbakemeldingane han hadde fått for sine foredrag.

Personleg og i djupna

– Seminaret kjem til å gå ut på å lære seg korleis ein kan styrke sitt psykiske immunforsvar, og ikkje minst korleis ein kan hjelpe andre til å styrke sin mentale helse.

Dette blir gjort gjennom at Vindheim delar personlege historier i lys av sin fagkunnskap.

– Han er opptatt av løysingsfokusert undervisning, og han vil lære oss måtar vi kan klare oss gjennom tunge tider. Det blir ikkje noko fokus på tung psykiatri og diagnosar, men snarare ein oppmuntrande dag med allmennpsykologi som gir håp, smiler Kopperstad.

Eit døme på spørsmål som blir tatt tak i på seminaret er korleis ein avgrensar det som blir omtalt som eit stort tabu i samfunnet, nemleg dødsangst.

– Det er viktig å ta opp desse spørsmåla som kanskje kan vere litt vanskeleg å stille. Vi er nøydde til å normalisere vår psykiske helse. Då må vi snakke om tabua. Eg er sikker på at vi har funne rette foredragshaldaren til å hjelpe oss.

For alle

Kopperstad er opptatt av å få fram at dette er eit gratis seminar for alle.

– Det skal ikkje vere stigmatiserande på noko vis. Alle bør kome på dette seminaret for å lære, då det angår oss alle. Alle har ei psykisk helse og det er gjerne i dei gode tider ein bør ta tak i dette.

Ho vi også rette ut ein ekstra invitasjon til lærarar, helsepersonell og ungdom då ho trur desse kan ha stort utbytte av denne dagen.

Det blir også mogleg å kjøpe seg mat, kaffi og kaker for seminardeltakarane. Seminaret kjem til å vare store delar av dagen, så det er berre å sette av god tid, oppmodar Kopperstad til slutt.