Opninga blei ikkje gjort ved snorklipping, men ved å knytte eit symbolsk band. Bandet visualiserer forbindinga som oppstår til den som trenger nokon å prate med via soschat.no. På denne nettstaden er den største brukargruppa ungdom under 20 år. Dei som kontaktar krisetenesta skal møte eit medmenneske som viser respekt, lyttar og gir positiv merksemd.

- Å chatte med eit likeverdig medmenneske kan skape eit band, og gi nytt fotfeste for den som har det vanskeleg. Med den nye filialen i Myrvåg ønsker Kirkens SOS i Møre og Romsdal å kunne knyte fleire band mellom menneske ved å svare på enda fleire henvendingar, heiter det i ei pressemelding.

Mange tek kontakt via sos-chat

Kirkens SOS seier dei merkar aukande pågang på dei skriftlege tenestene deira via internett.  Dei erfarer difor at sos-chat er ein viktig arena, ein arena stasjonen i Myrvåg vil styrkje.

- Moglegheita for å kunne vere heilt anonym gjer at fleire våger å fortelje om det som er vanskeleg, og mange gjer det for aller første gang, forklarar dagleg leiar i Kirkens SOS Møre og Romsdal, Hilde Lillestøl.

Positiv respons

Greta, Bente, Jørgen og Ole Arild er alle etablerte medarbeidar i Kirkens SOS i fleire år, og er også blant initiativtakarane til den nye satsinga på Søre Sunnmøre.

- Dette er ein merkedag, vi er veldig glade for moglegheita til å ha vakter i eige nærmiljø, seier Greta.

Fleire frivillige frå kommunane rundt Herøy har allereie meldt interesse for å stille på vakt i Myrvåg.

All den positive responsen gjer at Kirkens SOS i Møre og Romsdal vil avhalde eigne kurs for nye frivillige på Søre Sunnmøre over nyttår. Gjennom kurset lærer ein å møte menneske i krise, og får utvikle seg som medmenneske gjennom skriftlege møte.

- Vi gleder oss over engasjementet og hjartevarmen til alle som melder interesse om å bli med som frivillig, seier Lillestøl.

- For at Kirkens SOS skal kunne svare endå fleire treng vi fleire varme hjarter og lyttande øyrer som kan bruke 10 timar i månaden på vakt i heile fylket, legg ho til.