Det var i utgangspunktet sett av lite tid til Fosnavåg hamn då næringskomiteen besøkte Fosnavåg Ocean Acadmy tysdag ettermiddag. Kommunen, representert ved varaordførar Camilla Storøy (KrF) og kommunalsjef Jarl Martin Møller, viste sin promoteringsvideo for hamna som introduksjon for møtet. Per Magne Eggesbø, dagleg leiar for Ramoen, tok også til orde for at Fosnavåg hamn må realiserast snarast råd.

– Ein av våre båtar går inn for å levere sild og makrell inne i Fosnavåg hamn, men sidan her er ei grunne, kan vi berre gå inn på flo. Derfor er det eit utbetring av hamna veldig viktig, konstaterte Eggesbø for komiteen.

Utover det var det ikkje mykje meir som blei sagt om akkurat hamna.

Forstår frustrasjonen

Men sjølv om ikkje det var mykje snakk om det temaet på møtet, var Steinar Reiten (KrF), Møre og Romsdal sin einaste representant i næringskomiteen, raskt på ballen då Vestlandsnytt bringa temaet fram i lyset etter dei andre foredraga. Vi spurte han om kva han meiner om at Fosnavåg hamn ikkje fekk forskotert midlar i forslaget til statsbudsjett 2019.

– Dette er ei sak eg har høgt på blokka. Eg forstår utruleg godt at folk her ute er frustrerte over situasjonen slik han er i dag, seier han.

Vil utvide forskoterings-ramma

– Det var veldig høveleg at vi fekk til dette møtet akkurat no med den forhandlingsposisjonen som vi har i KrF no. Eg har ein intensjon om å kjempe for ei realisering av Fosnavåg hamn, seier han.

Reiten held fram med å greie ut om det han ser som ei mogleg løysing for situasjonen.

– Min innfallsvinkel for å realisere Fosnavåg hamn er at vi i forhandling med regjeringa går inn for å få utvide ramma for forskoteringsmidlar til slike fiskerihamn-prosjekt. No blei det lagt inn ei ramme på inntil 350 millionar med forkoteringsmidlar. Min tanke er at vi utvidar denne ramma og får til ein ny søknadsprosess, forklarar Reiten.

Han understrekar elles at dette fyrst må spelast inn til KrF si stortingsgruppe og at det enno er tidleg prosessen mot eit alternativt budsjett. Han legg også til at det er vanskeleg å løfte fram slike enkeltprosjekt i eit alternativt budsjett.

Likevel forsikrar han om at dette er noko han kjem til å jobbe for.

– Det eg no har foreslått, er eit spor eg vil prøve å følgje. Eg føler eit spesielt ansvar for akkurat dette, og eg vil kjempe for realisering av dette prosjektet, avrundar han.