Dei fleste har for lengst gått over til mobiltelefon. Men det finst framleis ein god del folk som har fasttelefon.

På Sandsøya/Voksa er det i fylgje Telenor att eit førtitals abonnentar med fasttelefon.

Viktige tryggleiksalarmar

Ei viktig teneste som er kopla mot fasttelefonnettet, i alle fall i Sande, er tryggleiksalarmane. Mange eldre og/eller sjuke har slike alarmar, der dei får gitt beskjed om det skulle dukke opp noko som krev hjelp.

– For oss vart det ei utfordring då Telenor varsla at dei ville kople ut fasttelefonane på Sandsøya og Voksa innan 31. oktober, seier leiar for dei heimebaserte tenestene i Sande kommune, Kari Johanne Skarmyr.

Ho seier kommunen har bede Telenor om å utsetje utkoplinga. Likevel har kommunen eit håp om å få lagt om frå analoge til digitale tryggleiksalarmar innan fristen i neste veke.

– Vi har denne veka folk på kurs i bruken av dei nye, digitale alarmane, sa Skarmyr til Vestlandsnytt måndag.

Ho slår fast at brukarane ikkje vil merke noko endring når det gjeld overgangen til digitale alarmar. Det skal framleis vere slik at ein trykkjer på ein knapp for å kome i kontakt med heimetenesta.

– Akkurat no må vi skunde oss litt ekstra. På Sandsøya/Voksa gjeld det for tida fire brukarar av tryggleiksalarm, seier Skarmyr. Ho har elles merka seg at Telenor tilbyr folk å bruke nye, digitale telefonar som er svært like dei telefonane som no vert utfasa.

Lovnad frå Telenor

Dekningsdirektør i Telenor, Arne Quist Christensen, seier til Vestlandsnytt at av 4.500 analoge sentralar, er om lag tiandeparten til no fasa ut.

– Vi tek dette arbeidet gradvis, og etter vurderingar om kva alternativ som finst lokalt av breiband og mobilnett. Når det gjeld Sandshamn-sentralen vil ikkje stenge av før det er avklara med kommunen at alt kring sikkerheit, alarmar med meir er avklara, seier Christensen.

Han opplyser at arbeidet med utfasing ikkje er noko hastverksarbeid. Om eit års tid står Kvamsøya for tur til omfasing, opplyser Christensen. Han legg til at det er dei minste sentralane eller der det praktisk ligg best til rette for det, som står for tur til utfasing i åra som kjem.