To år er gått sidan det vesle huset i Stokksund vart lagt ut for sal. Plasseringa var fantastisk, med utsikt mot havet og den idylliske vesle øya, Bondestokksund. Den eldre kvinna som budde her før, brukte å sitje på kjøkenet sitt og sjå Hurtigruta segle sakte forbi i det fjerne. Ho trengde ikkje vende blikket like langt for å sjå kajakkpadlarane nede i fjøra, eller dei lokale sjarkane som kom forbi for å levere fisk bortpå kaia. Tomta var perfekt. Det var berre eitt problem.

– Huset var knapt beboeleg, iallfall etter mine standardar. Eg trur ikkje det var blitt gjort noko med det sidan det vart bygd i 1958.

Trude Sofie B. Voldsund sit med kaffikoppen i handa, framfor eit bord fullt av heimelaga rundstykke og fargerike pålegg, i den totalrenoverte stova med dobbel takhøgd. Ho har selskap av mora, Gunn-Lise Voldsund, og den spanske adopivhunden Chico har slått seg ned ved fotenden av sofaen.

– Eg kunne rive huset og bygge eit nytt, men då er der heilt andre reglar enn om eg skulle pusse opp sjølv, så det hadde eg ikkje hatt råd til, seier Trude.

Men ho visste at det ikkje ville bli enkelt å sette i stand den gamle bustaden, så ho fekk med seg heile familien på vising og tok dei med på råd.

– Der var litt diskusjon om det var mogleg å renovere huset, seier Trude, som var innstilt på å gjere jobben sjølv, så lenge ho fekk hjelp av karane i familien. Dei tok sjansen.

– Faren min, som er røyrleggar, kom heilt frå Kristiansund for å hjelpe. Stefaren min er elektrikar, og bestefaren min er «alt-mogleg-mann». Dei hjelpte mykje til med snikringa, seier Trude.

Gunn-Lise nikkar.

– Pappa (Trude sin bestefar, Svein Voldsund, red. anm.) var her frå klokka åtte om morgonen og gjekk presis klokka fire om ettermiddagen kvar dag, unnateke då han hadde seg ein ferietur til Spania, skyt ho inn.

– Eg hadde aldri kunne gjere alt dette utan all hjelpa eg fekk frå familien, seier Trude.

Rotter i veggane

Men ho har ikkje gjort reint lite sjølv heller. No er det mora sin tur til å skryte litt av dottera.

– Du har lege på taket og styrt, gipsa vegger, isolert, sparkla og måla, seier ho.

Og det var først etter at ho hadde rive heile huset ned til reisverket.

– Det vesle som var att av isolasjon ... der var daude rotter i veggane, seier Trude.

Ville ha takhøgd

Den største utfordringa var taket. Ikkje nok med at det sjølvsagt måtte bli skifta ut, Trude ville også fjerne halvparten av loftet, så ho kunne få dobbel takhøgd i stova.

– Det gjorde at vi måtte fjerne bjelkelaget oppunder taket og få inn ein kjempestor dragar. Det var det verste arbeidet, men det var også det som var vanskelegast å få gjennom hos bestefaren min, smiler Trude.

Den resterande halvparten av loftet rommar no eit ekstra soverom og ein hems med kontor.

– Eg skal setje opp glasrekkverk og lage loftstove/gjesterom her oppe, seier Trude.

– God energi

Gunn-Lise bruker mykje tid i heimen til dottera. Ho likar seg så godt der.

– Eg får på ein måte «påfyll» av å vere her, for her er så god energi. Det er godt å vere så nær naturen, seier ho.

Fråsegna kunne ikkje ha vore meir passande. Nett som vi sit og pratar flokkar ei gruppe små, fjørkledde vennar seg saman rundt fuglehuset som heng og dinglar i ei snor utanfor kjøkenvindauget. Dei er der støtt og stadig.

– Det er veldig koseleg. Eg har studert fuglane. Der er masse gråsporv og ein rotete spettmeis med langt nebb. Han et kvart tiande frø, resten hamnar på bakken og vert plukka opp av gråsporvane. Eg har også sett bjørkefink, kjøttmeis, granmeis, bøåmeis og endåtil ein flaggspett, seier Trude.

Dei held ho gjerne med selskap medan ho kokkelerer på det nye, romslege kjøkenet.

Kunne ha kosta mykje

Huset har eit bruksareal på 90 kvadratmeter.

Trude har betalt kvar einaste krone – både for tomta, huset og oppussinga – sjølv.

– Hadde eg leigd inn fagfolk, ville arbeidet åleine ha kosta over éin million kroner, seier ho.

Men fordi ho har gjort alt sjølv (med god hjelp frå dei nemnde karane) har ho fått råd til ei perle av ein heim!

Er på Instagram

Om du ønskjer å sjå fleire bilde av Trude sin heim, kan du følgje henne på Instagram, der ho går under namnet «Oppussingspersla».

Ved kjø­ken­vin­dau­get: Kvar dag får Trude be­søk av flei­re ti­tals fly­gan­de gjes­tar. Ho har sett både grå­sporv, spett­meis, kjøt­meis, gran­meis, blå­meis, flaggspett og bjør­ke­fink.