Vi er så heldige å få inn mykje fint; strikka og hekla løparar, brikker og dukar i hardangersaum, engelsk broderi, plattsaum, vovne løparar og åkle, broderte bilde, gardiner, dukar, puter og sengeteppe.

Symaskin og klesrulle kan du også få kjøpt.

I år har vi fine kle til vaksne damer og barn. Til barna finn du tøydokker, symaskin, sabeltanjakke og glansbilde.

I tillegg har vi sjølvsagt også nytte- og pyntegjenstandar. På møbelavdelinga vår kan du finne deg bl.a. eit bord, stol, sofa, reol eller eit El-orgel.

Ved å støtte NMS Gjenbruk er du med på å ta vare på miljøet, samtidig som du er med på å støtte Det Norske Misjonsselskap sine prosjekt i fattige land.

Velkomen til tekstildagane våre!

NMS Gjenbruk Myrvåg

Ungdoms- festival for andre gong

Alive-festivalen blir denne helga arrangert for andre gong på Sjøborg i Ulsteinvik. Festivalen er eit tverrkyrkjeleg samarbeid og blei starta av ungdomar og studentar med tilhøyrsle til Sunnmøre.

Gjennom forkynning, lovsong og fellesskap ønskjer vi å skape ein festival der ungdomar samlast til ei uforgløymeleg og livsendrande helg.

Dette blir ei fartsfylt helg med møte, seminar, lovsong med Impuls, morosame konkurransar og underhaldning. Alle er velkomne, uansett bakgrunn, på dette lågterskelarrangementet.

Sjekk ut nettsida vår Alivefestivalen.no for informasjon og påmelding.