– Allereie no i november går Aurvoll og Furesund i gong med grunnarbeidet, og deretter er vi klare for å starte bygginga, seier salssjef Odd Erik Hovden i Norhus Ørsta.

Norhus-kjeda, med nærmaste kontor i Ørsta, er eit relativt nytt kjennskap i vårt distrikt. Dei har rett nok tidlegare bygd tomannsbustadar både på Nerlandsøya og på Leinøya, men prosjektet på Gjertneset blir det første byggefeltet i Herøy for deira del.

– Vi er litt spente på korleis vi blir mottatt, då Fosnavåg er ein forholdsvis nytt marknad for oss. Men samtidig har vi 20 års erfaring med slik feltutbygging, og vi har valt ein erfaren byggeleiar som har vore hos oss i snart tjue år, for å sikre at kvaliteten på husa blir som den skal. Vi set kvaliteten på husa høgt, og veit at vi får høyre kva folk meiner, seier Hovden.

Elles er Norhus opptekne av ferdigstilling til planlagt tid.

Ikkje berre firemannsbustader

Byggefeltet består av åtte firemannsbustadar, noko som vil gi 32 leilegheiter. Dei leilegheitene vil vere på 80–85 kvadrat, og det er moglegheiter for tre soverom. I tillegg er det planlagt fem tomannsbustadar, og fem einebustadar.

– Vi er opptekne av å sikre ein god marknadsmiks, og føler at vi her treff noko for alle. Vi vil at feltet skal huse alle type menneske, og ikkje berre småbarnsfamiliar eller einslege, seier Hovden.

Sjølve leilegheitene er tenkt bygd på den måten at det skal passe for alle.

– Vi veit at nokon ønsker seg stor stove, medan andre er opptekne av å ha mange soveområde, difor vil vi tilby eit byggefelt med fleire typar bustadar, seier salssjefen.

Nyttar lokal arbeidskraft

Norhus-kjeda er elles opptekne av å nytte seg av lokale aktørar i bygginga.

– For oss er lokale varer og arbeidskraft eit særpreg som vi set høgt. Vi har difor valt store lokale entreprenørar, for å leggje att pengane i lokalområdet. Blant anna hentar vi treverket frå Stryn og vindauga frå Florø. Når det gjeld arbeidskraft brukar vi faste lokale arbeidarar, og ikkje innleigde folk gjennom eit bemanningsbyrå, seier Hovden.

Salssjefen seier også at dei framleis er på jakt etter røyrleggjarar og elektrikarar til utbygginga, og seier eventuelle arbeidsledige i den yrkesgruppa gjerne må ta kontakt.