Fjørtoft var tidlegare i år ferdig på Duke University etter 4 års skulegang, der han har teke både bachelor- og mastergrad. No flyttar han altso frå Amerika til New Zealand, etter at han har signert ein kontrakt med klubben Southern United FC.

Den nye klubben til Fjørtoft held til på ei av dei sørlegaste øyane på New Zealand, i byen Dunedin. Laget spelar i ISPs Handa Premiership, som er eliteserien på New Zealand. Irske Paul O’Reilly er trenar, og laget enda førre sesong på femte plass. Den nye sesongen tek til komande helg.

Ikkje til å bli rik av

Ifølgje ein stolt bestefar, Kåre Fjørtoft, er byen Dunedin ein by med 120 000 innbyggjarar og ikkje akkurat fotballens høgborg. Han trur difor ikkje at barnebarnet kjem til å velte seg i newzealandske dollar på grunn av fotballkarrieren i landet. Han fortel også at Markus skal hjelpe til på markedssida i klubben ved sida av fotballen.

Markus Fjørtoft sjølv følte at dette tilbodet måtte han ta.

– Eg kunne sjølvsagt ha slutta med fotballen og begynt å jobbe. Eller spelt andre stader, men eg elskar å spele fotball og ser på dette som eit eventyr. Det er no eg har mogelegheita til å gjere noko slikt.

Spela for New York Red Bulls

Under studietida på prestisjefylte Duke University, hadde Fjørtoft fotballstipend, noko som gjorde at han fekk gratis utdanning og samtidig moglegheita til å spele collegefotball i fire år. Der var han kaptein på laget, og blei også kåra til lagets mest verdifulle spelar i både 2016 og 2017. I 2017 vart han og kåra til årets spelar i collegefotballen i USA.

I 2017 var han og kaptein for U23-laget til New York Red Bulls. Før 2018-sesongen vart han drafta til Seattle Sounders, men han og klubben vart einige om at han skulle fullføre utdanninga. Fjørtoft har framleis eit håp om å returnere til Amerika for å spele profesjonelt i MLS, i same liga som Zlatan.

– Eg hadde ein ærleg samtale med meg sjølv, der eg spurte kva eg ville med fotballen, seier Fjørtoft.

Han fekk hjelp av tyske Lutz Pfannenstiel, ei fotballnomade, med fortid i blant anna Bærum. Han er kjent som den einaste fotballspelaren i verda som har spela i alle FIFAs seks føderasjonar. No skal Markus Fjørtoft spele i sin tredje verdsdel.

– Eg vil berre forsøke å få maks ut av denne opplevinga. Eg vil ikkje sjå tilbake og angre på at eg ikkje forsøkte dette.