Det vert med sikkerheit slått fast at forskjellane her til lands er aukande. Fleire opplever «å stå utanfor», at dei av ulike årsaker ikkje er med i det vi likar å kalle fellesskapen.

At Norge har blitt eit mindre inkluderande samfunn, er alvorleg. Det eit ansvar ikkje berre styrande organ som må motverke det. Næringsliv , organisasjonar og privatfolk bør involvere seg, ikkje berre med tankar, men også ord. Og helst gjerningar.

«Klede til glede» i Fosnavåg fortel om folk som seier at det er vanskeleg å ikkje strekkje til økonomisk. For det kostar å vere med på alt dagens samfunn set krav om.

Til dømes kan det vere utstyr, treningsavgifter og andre fritidsaktivitetar set krav om. Det finst born – også i vårt nærområde – som ikkje kan vere med på det «naboen» kan, fordi familien har ein utfordrande økonomisk situasjon.

Om ein stiller seg bak Kirkens Bymisjon og målet om at vi alle skal bidra til eit meir inkluderande samfunn, kan ein til dømes spele ballen over til idrettslaga. Frå ei mor høyrde vi nyleg at det kostar så mykje å vere med på leiken at det spøkjer for hennar born si deltaking.

Difor vil underteikna applaudere det idrettslaget som går vekk frå brukarbetalte aktivitetar, meir bort frå frå den aukande kommersialiseringa. Fordi det er diskriminerande.

Ein slik tanke vil nok få den lokale kasseraren til å sukke tungt. Då må ein skaffe inntekter andre stadar. Ja, akkurat! Tombola, loddal og andre dugnadsbaserte inntektsbringande tiltak i idrettslaga ser nærast ut til å ha gått ut på dato.

Det vil nok både styrke samhaldet og bidra til å dempe forskjellane.