Design-eventyret til Havyard byrja med ein telefonsamtale mellom Geir Johan Bakke og Stig Magne Espeseth i 2004. Ikkje lenge etter var den første kontrakten i boks for det nyetablerte selskapet.

– I 2004 hadde vi ei evaluering av kven som tente mest pengar. Det var designarane. Difor ønska vi å gå inn i denne marknaden. Tidleg i 2005 ringde eg Stig Magne Espeseth og fortalde at vi ville kjøpe Leine Maritime, og i mai 2005 var avtalen klar, seier konsernsjef i Havyard, Geir Johan Bakke.

– I Leine Maritime såg vi store moglegheiter, men vi hadde mykje potensial som vi ikkje hadde fått ut, og såg at vi kanskje var best tent med å bli ein del av Havyard, seier Stig Magne Espeseth, no leiar i Havyard Design & Solutions.

Av dei fem som var tilsette i Leine Maritime blei fire av dei med vidare.

Første kontrakt i november 2005

Etter at oppkjøpet av Leine Maritime var gjennomført, gjekk det ikkje lenge før første jobben var i boks.

– Første jobben vi gjorde var å levere arbeidsteikningar til bygg nummer 85/86 på verftet, Havila Mars og Havila Mercury, seier Bakke og Espeseth.

Etter ferien i 2005, byrja dei å utvikle design, og i november same år landa dei første kontrakten, då for levering av design til Havila Saturn og Havila Neptune.

– Det som er litt artig er at det første designet gjekk til Havila Saturn, og no går nummer hundre til Havila Kystruten, det seier litt om utviklinga vi har vore med på, seier designsjef Arve Leine, også han vore med frå byrjinga.

– Og nettopp samarbeidet med Havila Shipping har vore avgjerande for den reisa vi har vore med på, seier Espeseth.

Offshore-boomen

Talet på tilsette voks raskt, og plutseleg var dei ikkje fem, men tjue tilsette. Når kalenderen viste 2006, kom også det verkelege gjennombrotet.

– I 2006 var det ein skikkeleg offshore-boom, noko som gjorde det mogleg for oss å trenge inn i marknaden. I perioden 2006–2007 gjekk vi inn kontraktar på nærare 40 design, seier Bakke.

2006 var også året då dei fekk sitt internasjonale gjennombrot, med ein kontrakt med Swire.

– Seinare har vi også kjøpt opp selskap i både Polen og Kroatia, som vi framleis eig. Vi har rundt 20 tilsette på dei begge.

– No snart leverer vi også båt nummer seks til Brasil, seier Espeseth.

Omstillingsfase

– Vi har heile tida vore flinke til å omstille oss. Fram til 2012 var det fantastiske tider i offshore, og no er det energi og leveransar av ferjer og kystruter, seier Bakke.

– Samtidig må vi takke verfta som har vore villige til å ta risikoar, utan dei hadde vi ikkje komme dit vi er i dag, skyt Espeseth inn.

Samtidig har dei vore heldige med motiverte og flinke tilsette.

– Medarbeidarane har vore avgjerande. Vi har gått frå å vere fire tilsette til å vere over 80 no, og på det meste var vi enda fleire. Det at dei har vore engasjerte og flinke til å jobbe i team har hjelpt oss mykje. Samtidig har vi vore heldige å ha ein fin miks av erfarne seniorar, og unge nyutdanna. Difor kan vi sjå veldig lyst på kompetansen vi har, seier Espeseth.

– Eg hadde vel eigentleg aldri drøymt om alt vi skulle få vere med på, og det er viktig å presisere at vi er svært takknemlege for det, vi har vore heldige, seier Bakke.

– Det har jo vore heilt fantastisk å sitte her i havgapet å arbeide. Vi har vore heldige som har fått vere med på ei so spanande reise, seier Espeseth.