Det er ein heller grå haustdag på Herøy kystmuseum. Regnet piskar mot ruta til den raude, gamle bua på bruket. Ein gjeng har samla seg i den vesle verkstaden, nokre i ly for regnet, men dei fleste for å vitje kystkultur i praksis. Midt i rommet står ein praktfull trekonstruksjon, han luktar av furu. Det er ein båt, eller nærare bestemt, det skal bli til ein.

Unik for Sunnmøre

– Dette er ein gamal sunnmørsbåt som vi kallar for «Snidbetning». Det er eigenleg berre eit gamalt dialektord. Etter dagens talemål hadde vi kalla den for ein «skråbotning».

Håvard Hatløy er båtbyggjaren som jobbar med verket. Han er ein levande entusiast og ekspert på tradisjonen. Fascinasjonen har han hatt sidan han var ungdom. Kollegaer av han, som også er til stades, kallar han faktisk for «verneverdig» på grunn av all kunnskapen han sit på om gamle båtbyggartradisjonar.

– Snidbetningen er ein båttype som er heilt unik for Sunnmøre. Det er ikkje nødvendigvis forma som er spesiell, men heller korleis ein oppnår forma, forklarar Hatløy, medan han bøyer seg ned for å syne oss botnen av båten.

Vi ser fort kva han siktar til. I fremre del av båten går bordfjølene på skrå ned i kjølen. Desse skråborda (renningane) startar der båten er breiast.

Må ikkje vere rund

– Dette er eigentleg ein genistrek frå sunnmøringane si side, smiler Hatløy og held fram:

– Ei stor utfordring for båtbyggjarar er å lage ein botn som går godt i sjøen. For å få til dette, må ein unngå at botnen blir rund. Blir den for rund, fungerer den meir som ei bremse enn eit framkomstmiddel. Idealet er at den skal skjere gjennom sjøen.

Hatløy poengterer det heile med å syne oss ein litt meir moderne færing. Han tek fram ein tommestokk og legg den til botnen. Den er rimeleg rund.

– Sjå på dette her då! Denne båten er nærare livsfarleg å sjøsette, fleipar han.

Samstundes seier han at folk med lite ro-erfaring, truleg ikkje hadde reagert på det.

– Det er ikkje vanskeleg å byggje ein båt som flyt, men å byggje ein som er god, er ein kunst.

Gåtefullt opphav

Og kunsten i dette tilfellet, er ei lita gåte. Per dags dato er det ingen som veit heilt sikkert kva tid båttypen kom i bruk. Snidbetningen var fyst og fremst utbreidd på Sunnmøre, og blei bygd og brukt her. Byggteknikken har også krype opp over grensa mot Romsdalen, og vi veit at det blei bygd og brukt snidbetningar i både Tresfjord, Vestnes, Tomrefjord og i Fræna.

– Det heng ein snidbetning på Ishavsmuseet i Brandal. Åttringen er datert til om lag 1713, ved dendrokronologi. Dette er den eldste snidbetningen vi kjenner til. Men når det er sagt, er det ikkje usannsynleg at dette var ein byggemåte som blei teken i bruk på eit mykje tidlegare tidspunkt. Eg ser ikkje vekk ifrå at dette er noko som strekkjer seg tilbake til både 16- og slutten av 15-hundretalet, funderer Håvard.

Båtar er teknologi. Dei står i samanheng med det teknologiske miljøet i samtida som dei spring ut ifrå. Eit viktig sprang i teknologien på denne tida, som Hatløy meiner er særs relevant, var innføringa av oppgangssaga. Denne sag-stilen drog med seg endringar i byggjeskikken.

– Det er også mogleg å få denne forma ved å hogge ut ferdig forma bord med øks, men det hadde vore særs ressurskrevjande, og eg trur derfor saga spelte ei viktig rolle i utviklinga av teknikken vi ser i snidbetningen. Den gjorde det meir gunstig, sett frå ein økonomisk ståstad.

Erfaring, tilbod og etterspurnad

Sjølv om det er litt vanskeleg å datere nøyaktig kva tid båttypen blei utbreidd, er Håvard trygg på korleis kunnskapen har oppstått og kvifor.

– Det er neppe tilfeldig at det var akkurat sunnmøringar, med si hav-erfaring, som fann opp denne byggjeteknikken.

Slik Hatløy ser det, er dette eit klassisk døme på «tilbod og etterspurnad».

– Eg ser mykje erfaring og kunnskap om hydrodynamikk i denne skrogtypen. På Sunnmøre har det utvilsamt vore stor etterspurnad etter gode båtar og kunnskap om kva dette innebar.

Vi veit at snidbetningen er særleg god i hardt vêr, men ikkje spesielt rask for lett vind. Derfor egna denne båttypen seg for dei som gjerne skulle lengre ut på havet.

– Kunnskapen om gode båtar ligg nærmast i genetikken vår. Den gjorde iallfall det då færingane var alfa og omega for å kome seg fram. Eg skal ikkje seie at sunnmøringar er unike når det kjem til denne erfaringa, men eg tvilar ikkje på at den var ein viktig faktor i innovasjonen.

Kunnskap for notid og ettertid

Etter å ha poengtert kor hydrodynamisk denne båten faktisk er, dreg Hatløy ein parallell til båtar som vert bygde i moderne tid.

– Eg er ikkje i tvil om at her framleis er mykje kunnskap å hente frå dei gamle båtbyggartradisjonane. For å ta snidbetningen som eit døme, so ser eg dette som eit resultat av lang erfaring, sannsynlegvis basert på prøving og feiling. Poenget mitt er: Denne erfaringa og kunnskapen har vi, det står berre på å lære seg å bruke den.

Han meiner at det industrielle jaget i nyare tid har gjort det litt vel enkelt å løyse framkomst-vanskar og utfordringar, ved berre med å mekke i hop ein kraftigare motor.

– Men heldigvis ser vi ein positiv trend, der ein er meir og meir opptatt av å spare pengar og utslepp på utforming av skrog. Då har eg ei oppmoding frå ein båtbyggjar til ein annan: Kom og sjå på korleis dei gjorde det før, for her er det mykje å hente.

Tek tid

Om Håvard verkeleg gjekk inn for det, kunne han truleg ha fått ferdig ein snidbetning på 14 dagar. Men i praksis har dette båtprosjektet tatt mykje lengre tid, og kjem framleis til å gjere det.

– Eg jobbar med båten litt innimellom alt det andre. Då tek det tid. Skal ein også rekne med all den tida det har tatt å hente inn kunnskapen for å forstå båttypen og teknikken, snakkar vi fleire år, forklarar entusiasten.

Kva tid snidbetningen til Hatløy er ferdig, er derfor vanskeleg å seie. Men at dette blir ein god færing, skal det vel vere liten tvil om. For i desse karakteristiske bordplankane, ligg det mykje erfaring. Erfaring som ikkje må gå tapt.