Meir enn tusen menneske er innom dørene kvart år, og trass i bruktbutikkar og bruktsal på nettet, ser det ut til at loppemarknaden som møtestad er meir populær enn nokon gong.

Møblar, krimskrams, bøker, barneleiker, idrettsutstyr, elektriske artiklar og mykje anna fyller salane og gangane på skulen, og her kan ein gjere mange gode kupp for ein billeg penge. Sko og kle har vi dessverre ikkje ressursar til å ta imot, men i år har vi gjort eit lite unntak for ytterklede til vaksne og hattar/ hovudplagg.

Men det er ikkje berre lopper som gjer at folk tek turen innom folkehøgskulen denne laurdagen. I kafeen vert det sal av rjomegraut og gode kaker, og det er ikkje få som tek dagens middag og kaffistunda her. For borna er der også mykje spanande å finne på. Dei kan fiske etter forundringspakkar, oppleve eventyrstund med elevane i rollene, ta lodd på tombola og bli mala med ansiktsmåling, for å nemne noko. Kanskje møter ein nokre musikantar i løpet av dagen eller støyter på ei statue ein aldri har sett før? Overraskingane er mange, og her er det noko for folk i alle aldrar.

Gjenbruk er i vinden som aldri før. Det er stadig meir fokus på å ta vare på miljøet vårt, og kven ynskjer vel ikkje at søppelfjella skal bli mindre? Andre kan ha bruk for det du ikkje lenger treng, og når inntektene av salet kan hjelpe folk i fattigdom til eit betre liv, gjev det ekstra meining.

Alle inntekter frå loppemarknaden er øyremerka vår Stop poverty-kampanje. Pengane går til eit arbeid vi driv for foreldrelause born og unge åleinemødrer i Illula i Tanzania, og det er Illula KFUK og Illula Orphan program (IOP) som er våre samarbeidspartnarar. Elevar frå Sunnmøre folkehøgskule reiser kvart år til Tanzania for å besøke Ilula, og årets elevkull har ambisjonar om å samle inn eit solid beløp til prosjektet.

Vi tek imot lopper på skulen heile dagen i denne veka, tysdag til fredag. Ta kontakt med resepsjonen og få anvist plass for lagring. Store møblar tek vi imot fredag 19. oktober. Skulen kan kontaktast ved behov for henting av møblar.

Velkomne til loppemarknad laurdag 20. oktober!

Loppemarknadskomiteen