Bjørn Bols er verje for fleire personar på Søre Sunnmøre.

– Det kan vere fleire årsaker til at ein person får oppnemnt verje. Til dømes kan det vere både psykiske eller fysiske sjukdomar som fører til at folk treng hjelp, seier gurskingen som har vore verje dei siste fem åra.

Ikkje umyndiggjering

– Eg vil gjerne streke under at dette ikkje dreier seg om ei umyndiggjering av folk. Det å vere ein person med verje handlar om å få hjelp til bestemte ting.

I mange tilfelle handlar det om å hjelpe folk til å styre pengane.

– Det handlar ikkje om å halde folk med selskap. Har folk utfordringar med det, kan vere aktuelt å søkje om få støttekontakt. I mange tilfelle har personar med verje ikkje nære pårørande som kan hjelpe dei, forklarar Bols.

Som eit samfunnsoppdrag

Verjemålsordninga er betalt arbeid, men «vår» verje strekar under på at dette ikkje er noko han tek på seg for å «tene pengar».

– Eg trur nok ikkje timebetalinga vart så høg, men eg har valt å sjå på det som å utrette ein samfunnsinnsats, forklarar han over ein kaffikopp heime på gardsbakeriet i Sandvika.

Resultatet dette gir – at det er eit tydeleg gode for mottakaren – kan også reknast som ei form for avkasting. Sidan folk har ulike behov, er det difor gjerne slik at verjene har kvar sine felt. Sjølv har Bjørn Bols ein jobb med juridisk spisskompetanse, og difor er han oftast nytta som verje der behovet er til stades for slike kunnskapar.

– Eg sender ein del brev til kommunane og andre offentlege instansar i løpet av eit år. Eg vert på eit vis mottakarane sin «advokat», som passar på at dei får dei tilboda lova seier dei har krav på, forklarar Bjørn.

Men ein treng slett ikkje juridisk bakgrunn for å vere verje. Det kan vere folk som kan litt om økonomi – det å hjelpe med å betale rekningar og setje opp et lite hushaldningsbudsjett, eller å kjenne litt til helsevesenet og korleis ein får den nødvendige hjelp der.

Å vere verje vert omtala som ei understøttande ordning. Alt frå ungdomar og heile vegen opp til eldre folk på sjukeheim eller i omsorgsbustad har verje.

– Ei godt organisert ordning

Sjølv vart han kontakta i 2013 av dåverande overformyndar Solfrid Møller i Sande kommune. Spørsmålet var om Bjørn kunne tenkje seg å vere verje.

– Eg visste ikkje så veldig mykje om ordninga den gongen. Dei kommunale overformynderia var på veg til å bli nedlagde, og Fylkesmannen tok over ansvaret. Sidan den gong har verjemålsordninga gått frå å vere ei kanskje litt primitiv til ei godt organisert ordning, forklarar Bjørn Bols.

Treng fleire verjer i Møre og Romsdal

Det siste kjem også fram av eit informasjonsskriv Fylkesmannen nyleg sende ut:

– Vi treng fleire personar som kan kontaktast i verjemålssaker, slik at verjetrengande får ein verje nær seg med rett kompetanse til si sak. Dei faste verjene vil få opplæring, rettleiing og bistand, heiter det frå Fylkesmannen.

Fylkesmannen arrangerer informasjonsmøte om saka 16. oktober i Ålesund og i Volda 17. oktober.

Utfordrande og meiningsfullt

Bjørn Bols legg ikkje skjul på at det å verje stundom kan innebere nokre utfordringar.

– Likevel må vi ha i mente at det å vere verje handlar om å hjelpe folk som er svekte på eitt eller anna vis, og som treng hjelp. Det at det kan verte litt utfordringar er ikkje meir enn ein kan vente. På den andre sida gler det meg som verje stort å oppleve kor meiningsfull denne jobben er, når ein løyser utfordringar og får gode tilbakemeldingar frå mottakaren.

Jobben fungerer i fylgje Bjørn ofte slik at det er mest arbeid i like etter at ein person har fått oppnemnd verje. Deretter vil innføring av faste rutinar medføre at arbeidet glir lettare.

– Det vanlege er at familien eller nære vener, eller det offentlege gjennom ulike ordningar, syter for at folk får den hjelpa dei treng, Men i nokre tilfelle kjem behovet for ein verje inn.

«Minste innsats prinsipp»

– Eit stikkord er «minste innsats prinsipp». Det dreier seg om å gjere det mest nødvendige for at ting skal fungere. Mellom anna med omsyn til mottakarane sin sjølvrespekt og integritet er det viktig at ein gjer berre «det som trengst», og ikkje grip unødig inn i folk sine privatliv, strekar han under.

Bjørn Bols har blitt spurt av Fylkesmannen og har takka ja til å bli intervjua om korleis han opplever å vere verje.