(Desse artiklane vart først publisert i Vikebladet)

Vi prestane på Søre tok opp temaet med Volda kommune i vår. Vi ønskte å formidle den uroa vi har når det gjeld sjølvmord, spesielt blant yngre menneske.

Det fortel prost på Søre, Ingeborg Matre. Ho er ikkje den einaste som er uroa, Vikebladet Vestposten har snakka med ei rekkje fagpersonar innan helse som uttrykkjer det same: Det er for mange som tek livet sitt på Søre.

Flest menn

Det er Folkehelseinstituttet som registrerer sjølvmord, basert på dødsårsak oppført i dødsattestane. Dei siste oppdaterte tala i Dødsårsaksregisteret er frå 2016, tala for i fjor vert klare først i desember. Tala som gjeld dei fem åra frå og med 2012 til og med 2016 fortel at til saman ti av dødsfalla var på Hareidlandet:

KommuneTal 2012-2016
Hareid7
Ulstein3
Herøy2
Sande2
Vanylven2
Ørsta2
Volda1

Statistikken fortel at fjorten menn og fem kvinner tok livet sitt. Ni var under 49 år, åtte i aldersgruppa 50–74 år og to over 75 år. I denne perioden døydde 1959 menneske på Søre, sjølvmord utgjorde knapt 1 prosent.

Flest i Hareid

Tala fortel også at av sju av nitten sjølvmord på Søre i denne perioden skjedde i Hareid. Desse åra var det til saman 195 dødsfall i kommunen, noko som betyr at sjølvmorda utgjorde 3,5 prosent.

– Vi er fullstendig klar over dette og ser på det som urovekkande, seier Berit Aasen, kommunalsjef, sektor for velferd. Ho er også leiar i kriseteamet i Hareid kommune.

– Har de teke tak i temaet på nokon måte?

– Vi har kursa våre folk i førebyggande arbeid. Utfordringa er å nå dei vi ikkje veit om, dei som til dømes ikkje er inne i hjelpeapparatet, seier Berit Aasen.

– Har temaet vore behandla politisk i Hareid?

– Nei, det har det ikkje.

Felles fagdag?

Presteskapet på Søre diskuterte temaet i vår, og prost Ingeborg Matre kontakta då rådmannen i Volda, Rune Sjurgard.

– Vi ønskte at dette også måtte bli jobba med på kommunalt nivå, og at vi eventuelt kunne få til ein felles fagdag for presteskapet og kommunane på Søre, seier Matre.

Sjurgard viste prosten vidare til dåverande kommunelege i Volda og Ørsta, Arne Gotteberg.

– Sjølvmordsproblematikken er eit viktig tema og det er viktig at kommunane samarbeider. Dette er sjølvsagt ikkje ei utfordring på Søre Sunnmøre, det gjeld heile landet, seier Gotteberg, som no er pensjonist.

Tilfelle også i 2017 og 2018

Det er i dag ingen som sit med fullstendig oversikt over talet på sjølvmord på Søre Sunnmøre i 2017 og til no i 2018. Men etter det Vikebladet Vestposten veit, har det siste året vore tre i Herøy, eitt i Ulstein, eitt i Hareid, eitt i Volda og eitt i Ørsta. Det gir eit samla tal på 26 sidan 2012.

– Dette er trasige tal og dei viser at livet er tøft for mange, seier helse- og omsorgssjef i Volda, Svein Berg-Rusten.

Han tok nyleg over som leiar i Sjustjerna Helse og Omsorg. Det er eit fellesskap for helse- og omsorgssjefane og kommunelegane i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.

– Temaet sjølvmord var oppe i aprilmøtet vårt. Då vart det bestemt å kople på nettverket for psykisk helse i Sjustjerna, og at det skulle vurderast å setje ned ei arbeidsgruppe. Saka har ikkje vorte teken opp igjen etter dette, fortel Berg-Rusten, og legg til:

– Kommunehelsetenesta i Sjustjerna er i kontakt med mange menneske som er i vanskelege livssituasjonar. Ein har gjerne kontakt med andre instansar og samarbeider for å hjelpe folk i utfordrande situasjonar, men det kan og skje at folk går under radaren.

Psykiatrisk team

Fungerande kommunelege i Ulstein, Norunn Kirkebø Elde, er samd i at sjølvmord er utfordrande for helsevesenet.

– Det er den vanlegaste dødsårsaka blant yngre menn, og vi veit ikkje heilt kva som fungerer for å førebygge det, seier ho.

Elde meiner kommunane på Søre bør samarbeide for å få ned talet på sjølvmord. Ho viser til at ambulantseksjonen for psykisk helse og rus, Søre Sunnmøre, vart samlokalisert i Myrvåg i vår.

– Dei har eit eige psykiatrisk team som reiser heim til folk. Legane og kommunal teneste for psykisk helse og rus kan tilkalle dei ved behov og dei besøkjer då pasienten same dag. Det kan då til dømes vere snakk om akutt depresjon eller ved forverring av tidlegare kjende psykiske lidingar, seier Elde.

– Ikkje noko enkelt svar

Prost Ingeborg Matre meiner sjølvmord er noko ein må jobbe med saman, på tvers av fag.

– Problemet med sjølvmord er stort og vanskeleg. Som prestar kjem vi jamleg i kontakt med temaet, ikkje minst i etterkant, i møte med menneske i djup sorg og fortviling. Og det finst ikkje noko enkelt svar, seier Matre.

– Kva gjer de i kyrkja for å førebygge sjølvmord?

– Vi er opptekne av kva vi kan gjere for å førebygge. I kyrkjene på Søre Sunnmøre blir det jobba godt for å skape gode, trygge, opne og varme miljø, spesielt for yngre menneske. Målet er at alle kan få oppleve å ha ein stad å høyre til, og nokon som bryr seg. Vi veit at livet kan vere tøft, og vi prøver å snakke ærleg om det i møte med unge menneske, til dømes i konfirmantundervisninga, seier prosten.

– Men det går vel ei grense for kor mykje de i kyrkja kan hjelpe?

– Kyrkja og våre medarbeidarar har lang tradisjon og erfaring med å møte menneske i ulike situasjonar og utfordringar. Vi er også klar over våre eigne grenser: vi er ei kyrkje, eit fellesskap med ulike kvalifikasjonar. Vi har mellom anna teologar, pedagogar, musikarar, men vi er ikkje psykiatriske fagpersonar. Der er ei grense for vår kompetanse, og kva tid vi må vise menneske vidare, seier Ingeborg Matre.

– Korleis snakkar de om sjølvmord i din kommune?

Anders Riise, ordførar i Hareid

– Temaet har ikkje vore diskutert i formannskap og kommunestyre. Eg har vel ikkje noko god forklaring på kvifor. Det er ikkje alltid vi som politikarar får vite om det når nokon tek livet sitt, men helsetenesta vår jobbar i alle fall med temaet. Dette er noko vi bør setje på dagsorden, sjå om det er noko vi kan gjere noko med og sjå om det er likskapstrekk mellom dei ulike dødsfalla.

Anders Riise, ordførar i Hareid Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Arnulf Goksøyr, ordførar i Herøy

– Vi har diverre hatt ein del sjølvmord i kommunen den siste tida, og eg har som ordførar blitt orientert av fagfolk innan helse. Eg meiner det ligg lite politikk i desse sakene, det er vanskeleg for oss politikarar å gå inn i enkeltsaker. Det er fagfolka som må førebygge og følgje opp. Men det som i alle fall er sikkert, er at openheit rundt psykisk helse kan redde liv.

Arnulf Goksøyr, ordførar i Herøy Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein

– Dette har ikkje vore tema i politiske utval spesielt. Men det har vore og er framleis tema i kriseleiing, i omsorgsberedskapsgruppa og i politirådet.

Det er eit viktig tema, og det blir gjort mykje god innsats for å førebygge slike hendingar.

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Dag Vaagen, ordførar i Sande

– Sjølvmord har ikkje vore teke opp som eige, politisk tema. Men vi har fleire tenester som direkte eller indirekte er knytt til psykisk helse. Vi har nyleg oppretta ei eiga gruppe som skal jobbe med dette i skule og barnehage. Vi har brei gjennomgang, også i politiske forum, av Ung Data-undersøkinga. Denne undersøkinga er viktig kjelde til kunnskap om born og unge si psykiske helse.'

Dag Vaagen: Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Jørgen Amdam, ordførar i Volda

– Vi har ikkje snakka om dette temaet i formannskap og kommunestyre. Men det har vore tema i beredskapsgruppa, der både eg og varaordføraren er med. Og sidan Volda har mange studentar, har også høgskulen og Studentsamskipnaden teke initiativ til å diskutere sjølvmordsproblematikken med oss i kommunen.

Jørgen Amdam, ordførar i Volda Foto: Møre-Nytt

Stein Aam, ordførar i Ørsta

– Temaet sjølvmord har ikkje vore behandla eller diskutert politisk i formannskap og kommunestyre, nei. Men dette er eit viktig tema, og heldigvis driv helsetenesta vår mykje godt førebyggande arbeid. Kvar veke har eg, varaordførar, rådmann og kriseteam møte, og no sist var sjølvmord tema der. Varaordføraren er forresten leiar for kriseteamet og omsorgsgruppa i kommunen.

Stein Aam, ordførar i Ørsta Foto: Svein Aam, Møre-Nytt

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven

– Vi brukar nok ikkje så ofte ordet sjølvmord, men veldig ofte psykisk helse. Kommunen jobbar veldig mykje med førebygging, til dømes i barnehage og skule. I politirådet diskuterer vi ofte rus og psykisk helse, og vi har tilsett ei eiga ungdomskontakt. Vi vil at alle ungdomar skal ha minst éin fritidsaktivitet, og vi har jobbsjansen for ungdom som fell utanfor skulen.

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven Foto: Pressefoto/Vanylven kommune

«I møte med konfirmantar ber eg ofte til Gud om at eg må få sleppe å gravlegge nokon av dei»

Soknepresten: Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein. – Livet er ikkje noko enkelt prosjekt, seier ho. Som prest opplever ho ofte at dei pårørande sit igjen med skam og skuldkjensle når nokon har avslutta livet. – Det er ikkje din feil, seier eg då. Foto: Linda Eikrem

Sokneprest i Ulstein, Margit Lovise Holte, har opplevd sjølvmord både gjennom jobben og i familien. Ho trur sosial kontakt kan førebygge at menneske vel å avslutte livet.

– Eg har gravlagt mange som sjølv har valt døden. Døden kjem brått og uventa, og reaksjonen til dei pårørande liknar gjerne på reaksjonen når nokon døyr i ei ulukke. Men dei som mister nokon i sjølvmord opplever i tillegg stor grad av skuld og skam, dei tenkjer at dei ikkje har gjort nok for at den personen skulle ville leve.

– Kva seier du som prest då?

– «Det er ikkje din feil», seier eg til dei pårørande. Når nokon vel å ta livet sitt, er det vondt og ein tragedie for alle partar. Det er ein komplisert situasjon for dei som sit igjen, for det dukkar ofte opp mange rykte og spekulasjonar, og det er lett å klandre seg sjølv for ikkje å ha gjort nok.

Margit Lovise Holte har vore sokneprest i Ulstein i sju år. Ho kom då frå jobben som sokneprest i Lommedalen.

– Mi erfaring er at også eldre tek livet sitt, det er veldig underkommunisert. Men ofte er det unge menneske dette gjeld. Nokre gongar er det meir venta, til dømes knytt til rus og psykiatri. Andre gongar kjem eit sjølvmord som lyn frå klar himmel, seier ho.

Det er første søndag i advent i 2013. Margit Lovise Holte er akkurat ferdig med gudstenesta i Ulstein kyrkje. I sakristiet ligg mobilen hennar. Ho ser at faren har ringt henne mange gongar.

– Då fekk eg vite at eit bonustantebarn hadde teke livet sitt. Daniel var nitten, snart tjue. Vi i familien forstod ikkje kvifor den gongen, og framleis forstår vi ikkje kvifor han gjorde det. Det er frykteleg vondt å leve med det, og vi spør oss om det var noko vi kunne ha gjort annleis. Vi klandrar oss sjølve, men vi må berre leve med at det ikkje finst noko forklaring, fortel Holte.

– Møtte du deg sjølv i døra, sidan du seier til pårørande at det ikkje er deira feil?

– Eg måtte i alle fall seie det til oss også. Men det nyttar ikkje å spekulere og å fordele skuld. Vi må berre innsjå at enkelte ting er uforklarlege.

– Har denne opplevinga prega deg som prest?

– Ja. Det pregar meg spesielt mykje i møte med ungdom. Når eg har konfirmantundervisning, ber eg gjerne til Gud om at eg må få sleppe å gravlegge nokon av dei. Eg ber for dei, håper dei får eit godt liv og at dei finn ei meining med livet sitt.

Soknepresten meiner det er viktig å snakke om sjølvmord, sjølv om det finst argument for at openheit kan ha ei smitteeffekt og føre til at fleire tek livet sitt.

– Eg meiner at bodskapen om at det alltid finst hjelp, er viktigast. Det er heilt normalt å tenkje at «Dette orkar eg ikkje meir», men det finst gode moglegheiter for å få hjelp.

– Snakkar du med konfirmantane om sjølvmord?

– Ja, vi snakkar om død og sorg, seier til ungdomane at dei skal ville leve. Og at der er nokon som kan hjelpe viss livet blir mørkt. Samstundes er vi opne om at livet ikkje berre er ein dans på roser, at livet kan vere tøft. Men det er ingen problem som er så store at det ikkje finst løysingar på dei. Det er faktisk sant, men den som har det veldig mørkt, klarer ikkje å sjå det.

– Kva trur du må til for å få ned talet på sjølvmord?

– Livet er ikkje noko enkelt prosjekt, og vi lever i eit samfunn der det er lett å kjenne at ein kjem til kort. Vi blir målt etter kva vi eig og kva vi presterer. Vi har det så travelt at vi ikkje har tid til å spørje korleis andre har det. Eg trur at god sosial kontakt kan vere førebyggande, for einsemd er nok ein faktor som ofte spelar inn når nokon vel å avslutte livet. Eg har ingen fasitsvar, men eg synest vi skal snakke fint om kvarandre. Det er flott at vi løftar fram heltane, men dei fleste av oss er heilt vanlege kvardagsmenneske, seier Margit Lovise Holte.

Ein å prate med

Kirkens sos: No i oktober startar Kirkens SOS ei avdeling i Myrvåg. Jørgen er ein av dei som skal ha vakter. Han ønskjer ikkje å få etternamnet sitt på trykk i avisa. Foto: Linda Eikrem

Kirkens SOS opnar avdeling i Myrvåg no i oktober. Jørgen (25) er ein av dei som skal ha vakt.

Psykisk helse opptek meg, fordi eg trur det eit stort samfunnsproblem. Det er mange som slit, og eg ønskjer å vere der for dei, seier Jørgen.

For å i vareta anonymiteten til medarbeidarar i Kirkens SOS, skriv vi ikkje etternamnet hans.

– Vi er tilgjengelege på telefon, chat og meldingar. På det siste er du garantert svar i løpet av eit døgn, på telefon og chat svarer vi med ein gong, fortel han.

Jørgen starta som frivillig i Kirkens SOS under studietida på ein annan kant av landet. No har han flytta heim til Sunnmøre, og ønskjer å halde fram i krisetenesta.

– Når eg sit på vakt handlar det om å vere eit medmenneske. Eg skal lytte, ikkje vere ein fagperson som stiller diagnose og fortel folk kva dei skal gjere. Takka vere oss frivillige klarer Kirkens SOS å svare på 180 000 samtalar kvart år, og det går ikkje ei einaste vakt utan at eg får lovord om kor viktig denne tenesta er for brukarane. Eg trur tenesta vår er livsviktig, at vi reddar mange liv kvart einaste år. Vi får høyre mange forferdelege historier, og ofte er vi den første instansen folk trur seg til, seier 25-åringen.

Lågterskeltilbod

Kirkens SOS driv landets største kriseteneste på telefon og internett. Tilbodet er døgnope, og ifølgje nettsida til organisasjonen ønskjer dei å fremje livsmot og håp til dei som er i kjenslemessig eller eksistensiell krise. Samstundes skal det vere eit sjølvmordsførebyggande lågterskeltilbod.

– Som frivillig måtte eg gjennom eit omfattande kursprogram. Ein får også oppfølging undervegs.

– Veit du kven du pratar eller chattar med?

– Nei, det er totalt anonymt, vi ser til dømes ikkje telefonnummeret til dei som ringjer. Eg snakkar med folk frå heile landet.

– Kan du kontakte andre hjelpeinstansar?

– Eg har snakka med folk som er på randa av livet, dei fortel at dei ikkje orkar meir. Og viss personen sjølv ønskjer det, så kontaktar vi AMK. Det skjer relativt ofte, fortel Jørgen.

– Men er det ikkje tøft å ha slike vakter?

– Eg meiner sjølv at eg er mentalt sterk, men eg er ganske sliten når eg er ferdig med ei vakt. Vaktene kan vare i inntil seks timar, og det er veldig sjeldan det er stille. Men vi er aldri åleine på vakt, heldigvis.

– Vi må snakke om det

Jørgen har registrert at det har vore fleire sjølvmord på Ytre Søre Sunnmøre den siste tida.

– Å gjere slutt på livet bør ikkje vere ein god utveg. Sjølvmord er eit stort problem, også på landsbasis, og ofte kan det å bli høyrt eller å bli smilt til vere nok til at ein menneske vil leve vidare, seier han.

– Blir det generelt snakka for lite om psykisk helse i samfunnet?

– Ja, vi er ikkje flinke nok til å prate om det, til dømes i skulen. Eg oppfattar sjølvmord som eit tabutema. Det er synd, for det bør absolutt snakkast om. Det er også knytt mykje skam til sjølvmord.

– Korleis kan de i Kirkens SOS bidra til at det blir meir openheit rundt temaet?

– Noko av det viktigaste må vere at vi må tore å snakke meir ope og ærleg om korleis livet eigentleg er. På den måten blir terskelen lågare for å søkje hjelp når livet er vanskeleg og nokon tenkjer på sjølvmord. Vi inviterer til anonyme og fortrulege samtalar. Og når det er sagt, vi må også sjå, lytte til og bry oss om dei som er rundt oss i det daglege.