– Denne helga får vi verkeleg vise Fiskarhallen som den multiarenaen den har blitt. Dette har eg klokkartru på.

Det seier Sigurd Helsem Sævik. Etter å ha stått på i lang tid for å få på plass Bergsøy sin nye fleirbrukshall, er driftsleiaren for hallen spenna klar for å opne dørene for ein skikkeleg fest til helga.

Oktoberfest

Frå fredag til laurdag vert det nemleg invitert til oktoberfest. Dette blir det fyrste ikkje-idrettsarrangementet i hallen. Arrangørane lovar ekte tyske pølser, og det er sjølvsagt booka jodlar for begge dagane.

På fredag spelar Oslo Blåseorkester, Gran prix og trubadur Torbjørn Gran. Laurdag blir det Sverige mot Noreg, då Jävlar på Kärlek og Kokken Tor står for den musikalske underhaldninga.

– Det blir rigga ei scene i enden av hallen. Midt på bana blir det sett opp ein bar og fleire langbord. Her er god plass då arrangementet kan huse heile 1600 folk. Av same grunn er det enno billettar att, seier Sævik.

Thon hotell Fosnavåg har allereie hatt godt sal av sine hotellpakkar. Men hotellsjef Monica Bjørhovde seier folk må bestille på førehand om dei har høve til det. Det blir nemleg berre selt eit avgrensa tal på billettar i døra.

Eit hav av moglegheiter

For Sævik er denne festen eit kroneksempel på kva Fiskarhallen kan vere.

– Det er sjølvsagt det sportslege som står i fokus i denne hallen. Når det er sagt, er her mange moglegheiter.

Han listar opp ulike tilbod han ser for seg som realistiske i den nye storstova til Bergsøy-fotball.

– Fyrst og fremst ser eg for meg store og flotte idrettsarrangement. For det andre kan vi lage fleire konsertarrangement som det vi skal ha no i helga, for ikkje å snakke om moglegheitene vi har til å arrangere messer.

Vil få på plass golv

Slik Sigurd ser det, er det berre éin ting som manglar for verkeleg å realisere hallens fulle potensial.

– Slik situasjonen er no, må vi leige golv frå nabokommunane våre. Vi skulle sjølvsagt ynskje at vi sjølv kunne få på plass eit slikt golv, noko som etter kvart blir ein naturleg ambisjon.

Sigurd seier dette ville vere 2500 kvadratmeter med framtidsretta investering i Bergsøy-fotballen.

– Avkastinga vi får for å leige ut hallen går rett tilbake i breiddefotballen, reklamerer han.

Offisiell hallopning neste veke

Hallen er allereie godkjent for bruk, og neste veke er den truleg heilt ferdig. Då blir det, i samband med fotballens dag og sesongavslutning i 4.-divisjon, arrangert ein skikkeleg opningsfest for hallen.