Helgas bataljar for Bergsøy, starta på bortebane mot Falk Horten 2 laurdag kveld. Bergsøy tok føringa tidleg i kampen. Heimelaget sette etterkvart frimerke på Markus Buchardt og prøvde å presse Bergsøy på den måten, utan at det hadde stor verknad. Bergsøy gjekk til pause med ei 15-13-leiing.

I andre omgang blei det meir spennande. I ein periode gjekk då Falk Horten 2 opp i leiinga. Men Bergsøy klarte å mobilisere og vann til slutt med fem mål, 30-25.

- Vi låg eit hakk framom i heile matchen og hadde grei kontroll. Litt spenning blei det i andre omgang, men vi klarte å gire om. Falk Horten 2 prøvde mykje forskjellig, men vi var kreative og vann som vi skal, sa Bergsøy-trenar, Thomas Buchardt.

Evaldas Grieze var Bergsøy-spelaren som sørga for flest mål, elleve i talet. Markus Buchardt scora på alle dei fem straffekasta som bortelaget fekk i kampen. Han scora også to mål i tillegg til straffescoringane.

Endå ein siger

Endå ein opptur blei det søndag ettermiddag, då Bergsøy fekk måle krefter mot HK-72 Sande. Nok ein gong var det Buchardt sine menn som tok føringa i kampen. Både Buchard og Grieze vart merka, men på kreativt vis klarte Bergsøy å ligge med ei komfortabel 2-3 mål leiing gjennom heile kampen. Til pause var stillinga 15-11, og då kampen var over kunne Bergsøy nyte to nye poeng med 26 mål mot HK-72 Sande sine 22 mål.

Buchardt og Grieze plukka kvar sine åtte mål i kampen, der fire av dei var straffekast for Buchardt. Emil Raknes scora også fem mål for Bergsøy.

- 100% på straffekasta i begge kampane er alltid noko vi applauderer, skrytte trenaren.

Forutan om gode prestasjonar frå målscorarane og godt keeperspel av Oddvar Johan Roseth, var Thomas Buchardt opptatt av å fremme helgas prestasjonar som lag sigarar.

Går rette vegen

Buchardt meiner laget er på veg i rett retning, men…

- Vi har framleis mykje å jobbe med. Men vi tek med oss fire poeng på bortebane, så dette lovar bra. Vi spelar god handball.

I neste kamp, på søndag, møter Bergøsy Sotra på heimebane. Det blir ein tøff motstandar ifølgje Buchardt.