Herøy ungdomsråd er opptekne av skulevegen for ungdomsskuleelevane som bur i Sandvika og spør om det er råd å finne ei løysing som kan trygge elevane betre. Spørsmålet er sendt til oppvekstkomiteen. Sandvik-elevane har i dag berre vinterskuleskyss, og berre morgonskyss når dei skal til skule. Resten av året må dei gå både fram og tilbake langs ein veg med høg fart.