Fast «slåttekar» i Sande, Torleiv Storegjerde, skriv til kommunen og syner til notisen i Vestlandsnytt der det vart etterlyst kantslått. Det var Bjørn Flatøy (Sande vest) som tok opp saka, etter at det har begynt å vekse opp tre i grøftene på Voksa.

Storegjerde har fått reaksjonar på saka. Han skriv at han fekk i oppdrag å slå langs bestemte vegar, men ikkje for over 32.000 kr. Oppdraget for sommaren 2018 er fullført, skriv Storegjerde. Strekningane som har fått stell er Haugsbygda-Sætre, Larsnes-Dalen og ein del av Skredestranda.

– Eg er no ferdig med alle slåtteoppdrag, og det står att å avmonterte utstyret. Skal eg slå noko meir må eg difor kontaktast svært raskt, melder Storegjerde.