Jensholmen Nord har tidlegare varsla at det ville kome eit erstatningskrav mot Herøy kommune på grunn av forseinka utbetaling av RDA-midlar. No er kravet talfesta til like i underkant av 300.000 kroner.

På bakgrunn av forseinkingane og for sein betaling, set vi fram eit krav om erstatning på 299.715 kroner, skriv advokat Robert Lund i Kluge Advokatfirma i kravbrevet som kommunen no har motteke.

Det var dette advokatkontoret som påpeika feil i kommuneadvokaten si vurdering av saka, som resulterte i at kommunen til slutt måtte betale ut tilskotet på to millionar kroner. Då var det gått langt over eit år sidan tildelingsvedtaket blei gjort av næringskomiteen i Herøy kommune.

Tvil om lovlegheit

På grunn av tvil om lovlegheita av vedtaket fann rådmannen å måtte søkje råd både hos kontrollutvalet og fylkesmannen i saka. Her gjekk mykje tid.

Båtlaget sin advokat viser til at utbetalinga av tilskotet blei stansa som følgje av innvendingar på feilaktig grunnlag. Herøy kommune konkluderte seinare med at vedtaket ikkje var i strid med EØS-avtalen sine støttereglar eller retningslinjer for bruk av RDA-midlar, og vedtaket blei oppretthalde. Innvendingane medførte derimot at vedtaket ikkje blei effektuert før 11. juni 2018, og at Jensholmen Nord ikkje kunne starte på prosjektet før vedtaket var effektuert.

Advokatkostnader

Lund viser til at kommunen si feilaktige vurdering gjorde det nødvendig for båtlaget å engasjere advokat og pådrog seg advokatkostnader på 75.000 kroner.

Prisauke

Kravet mot kommunen er vedlagt ei erklæring frå Astorplast ,som viser at den lange behandlingstida resulterte i ein betydeleg prisauke på bølgedemparen som tilskotet skulle gå til. Denne prisauken er talfesta som eit tillegg på 225.000 kroner til den avtalte prisen.

Båtlaget har difor pådrege seg kostnader som elles ikkje hadde vore nødvendig dersom vedtaket hadde blitt effektuert som avtalt i februar 2017. Advokaten ber om at 299.715 kroner blir betalt inn til Jensholmen Nord sin bankkonto innan 25. oktober.