Bakteppet var naturlegvis den planlagde utdjupinga av Fosnavåg hamn, med tilhøyrande etablering av meir fiskerirelatert næringsareal.

Fleire lokale bedrifter var på plass denne dagen, og næringstoppar kunne fortelje om både utdjupingsbehovet og planane som vil kunne gje auka næringsaktivitet i den aktive og tradisjonsrike fiskerihamna.

Orten var på stemmejakt og skulle bli attvalt til Stortinget. Han fekk fornya tillit, og seinare fekk han vervet som leiar av samferdselskomitéen.

– Løysinga for Fosnavåg må ligge i høvet til forskottering som regjeringa har opna for, signaliserte Orten – mellom anna – på synfaringa i fjor.

Vel eit år seinare ser vi at regjeringa ikkje finn plass til Fosnavåg hamn på lista over tiltak innanfor forskotteringsordninga.

Dermed sit ein att med fleire spørsmål enn svar. Korleis har ein frå Herøy jobba med saka overfor sentrale styresmakter det siste året? Kva er grunnen til at Herøy er skuva ut i kulden? Vert prosjektet i det heile teke realisert?

Målet må vere – som Arnulf Goksøyr påpeikar i førre utgåve av Vestlandsnytt – at ein i siste liten får pressa inn Fosnavåg hamn i den statlege forskotteringsordninga.

Skal ein i staden måtte vente til fylkeskommunen overtek ansvaret frå 2020, kan det verkeleg bli eit trongt nålauge.